Conta jan tore holen Karianne Oldernes Tung foto Marius
ÅLESUND: Conta-gründer Jan-Tore Holen (t.v.) utfordra Ap-statsråd Karianne Oldernes Tung (nr. 1 i sofaen) om utviklinga for eigarskapen i norske bedrifter då ho besøke Ålesund fredag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Utfordra statsråden om sal av bedrifter til utlandet

Conta-gründeren er uroa over utviklinga. Heilt uaktuelt å selje eiga bedrift.

Marius Rosbach
08.05.2026

Conta-gründer Jan-Tore Holen utfordra fredag digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Oldernes Tung (Ap) om utviklinga med at fleire norske bedrifter blir selt til utlandet. 

– Eg er både trist og bekymra fordi det ikkje finst konkurransedyktige kapitalmiljø i Norge til å kjøpe dei. Det er ein generell trend i mange bransjar at selskap blir selt til utlandet. Det er urovekkjande, la Holen til. 

Statsråden sa seg samd i at det var grunn til uro. Ho minna likevel om at det ikkje var noko nytt. 

– Vi har alltid hatt problem med kapitaltilgang her til lands, svarte Tung. 

– Eg også blir bekymra
– Dei store industriselskapa har oftast blir bygd av lokale idear, også er det internasjonal kapital som har kome inn og klart å gjere dei store grepa, haldt ho fram. 

Ministeren viste til at staten hadde nokre verkemiddel som Investinor og Nysnø som kunne bidra. I tillegg trekte ho fram at regjeringa jobbar med å få opp investeringane i forsking og innovasjon frå næringslivet sjølv.

– Men det er klart at eg også blir bekymra, la ho til. 

Conta Torill Standal Eliassen Geir Ove Leite Karianne Oldernes Tung jan tore holen foto Marius
GOD STEMNING: Ap-statsråden var i Ålesund for å halde tale i samband med frigjeringsdagen. Samtidig nytta ho sjansen til å besøke Ålesund-selskapet Conta. Ho vart imponert over vekstambisjonane. Frå venstre: Conta-sjef Torill Standal Eliassen, Geir Ove Leite frå Ålesund Ap, digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Oldernes Tung og Conta-gründer Jan-Tore Holen. Foto: Marius Rosbach

Meiner skattetrykket er for høgt
Gründeren stadfesta til Nett No etterpå at han merka seg at Ap-ministeren ikkje trekte inn skatt og rammevilkår for næringslivet i sitt svar.

Regjeringa har fått krass kritikk frå store delar av næringslivet for at dei har skjerpa skattetrykket kraftig for bedriftseigarane sidan dei kom til makta.  

– Eg er ikkje motstandar av spesifikke skattar, men meiner at det samla skattetrykket er blitt for høgt, kommenterte Holen.

Uaktuelt å selje
For Conta sin del er det heilt uaktuelt å selje.

Seinast denne veka var nettopp det vinklinga då administrerande direktør Torill Standal Eliassen blei intervjua i Finansavisen. 

– Vi har vore veldig tydelege på at vi ikkje har tenkt til å selje. Vi blir kontakta av kvar veke av potensielle kjøparar, men bodskapen er den same, sa Jan-Tore Holen til ministeren. 

Gründeren kjenner mange bedriftseigarar som seier det same: Dei får stadige spørsmål om å selje – og mange gjer det. Og det er utelukkande utanlandske aktørar som tek kontakt. 

– Eg meiner det har skjedd mykje
Ministeren besøker mange bedrifter og høyrer fleire har utfordringar med å få kapital til å vekse - og endar med å selje.

– Eg er utruleg glade for at dokke har teke eit så tydeleg standpunkt om å ikkje selje. Det synest eg er utruleg tøft, sa Tung. 

Ho meiner at situasjonen er blitt betre her til lands, spesielt når det gjeld sokalla venture-kapital som gjerne går inn på selskap på eit tidleg tidspunkt. 

– Eg meiner det har skjedd mykje i Norge dei siste 20 åra. Samtidig er det gledeleg å sjå at det er eit tettare nordisk samarbeid og at selskap som Novo Nordisk og Wallenberg frå Danmark og Sverige vil investere i Norge, la Ap-statsråden til. 

Publisert: 08.05.2026 18:34

Sist oppdatert: 08.05.2026 18:34

Mer om