Jonas gahr støre yara birkeland foto Torstein Bøe NTB 22
Arbeidsgivarar ber regjeringa gjeninnføre ordninga med at dei må betale mindre ved koronarelatert sjukefråvær. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vil vurdere saka. Foto: Torstein Bøe /NTB Pool
Nytt

Vil vurdere å ta meir av rekninga for bedriftene

Koronafråvær gir utfordringar for arbeidsgivarane.

01.12.2021
(NPK-NTB-Bibiana Piene): Ordninga med kortare arbeidsgivarperiode ved koronarelatert sjukefråvær må gjeninnførast, meiner arbeidsgivarar. Jonas Gahr Støre lovar å vurdere saka nøye.

Arbeidsgivarorganisasjonane Spekter, Virke, NHO og KS sende måndag eit brev til regjeringa der dei ber om at ordninga med ein arbeidsgivarperiode på tre dagar ved koronarelatert sjukefråvær blir gjeninnført.


«Mange virksomheter opplever nå en kraftig økning i sykefraværet. Dette skaper utfordringer med å sikre nok arbeidskraft på jobb og øker arbeidsgivers kostnader ved sykefravær betydelig», heiter det i brevet.

– Eg har merka meg dette. Vi skal vurdere det nøye, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.

Vil verne arbeidsfolk
Det handlar om å sørgje for at arbeidsplassane er trygge, og om bedriftene toler ei ny ekstrabelastning, slår Støre fast.

– Eg er oppteken av at arbeidsfolk skal vernast viss det blir høgt fråvær og det går ut over arbeidsplassane. Så dette innspelet tek vi med oss og vil vurdere om det er noko vi reknar det er nødvendig å komme med.

– Men vi har ikkje gjort eit vedtak enno. Vi må sjå det opp mot utviklinga i smitte- og fråværstala, understrekar han.

Halvtanna år
I nesten halvtanna år, frå 16. mars i fjor til 1. oktober i år, var perioden arbeidsgivarane må dekkje lønna til arbeidstakarane ved koronarelatert sjukefråvær, korta ned frå 16 til 3 dagar.

Men samtidig med at tiltaket stansa, skaut smittetala igjen i vêret.

I tillegg skaper den svært smittsame omikronvarianten ny uro.

Tysdag, same dagen som Støre gjorde greie for den oppdaterte koronastrategien til regjeringa for Stortinget, vart det meldt om tre mistenkte omikron-tilfelle i Ullensaker.

Ifølgje organisasjonane støttar LO, Unio, YS og Akademikerne oppmodinga om kortare arbeidsgivarperiode.

Står ikkje på pengane
Det er så langt ikkje klart når det vil komme eit vedtak frå regjeringa. I forklaringa si i Stortinget nemnde ikkje Støre saka med eit ord.

Men Støre seier til NTB at det ikkje er pengane det står på.

– Noreg har økonomiske musklar til å sørgje for at vi tek vare på helsa i befolkninga. Når det er utfordringar av ein slik karakter, så tek fellesskapet rekninga, seier han.

(©NPK)

Publisert: 01.12.2021 08:27

Sist oppdatert: 01.12.2021 08:33

Mer om