Ville ha ein diamant av eit skip
GRUVESKIP: Norsk-namibisk samarbeide. Adm. dir Otto Shikongo i De Beers Marine Namibia saman med adm. dir. Svein-Rune Gjerde i Marin Teknikk og adm. dir Ståle Rasmussen ved Kleven.
Nytt

Ville ha ein diamant av eit skip

Det er langt frå Namibia til Ulsteinvik, men når ein ny generasjon diamantskip skulle byggast, var kun det beste godt nok.

09.01.2016
- For oss handla det ikkje berre om pris. Vi ville ha kvalitet og samstundes vite at vi fekk skipet levert til rett tid.
Dette seier direktør Otto Shikongo i De Beers-selskapet .
Saman med ein stor delegasjon frå Namibia var han med på sjøsettinga av det 113 meter lange og 22 meter breie diamantskipet ved Kleven Verft i Ulsteinvik laurdag.

Rekord-djupne

Delegasjonen reiste frå rundt 40 varmegrader og kom til minus elleve. Likevel var Shikongo strålande nøgd.
- For oss er dette eit prestisjeprosjekt. Aldri før har det vorte leitt etter diamantar på så store djup før, heilt ned til 150 meter.
Det er på kysten utanfor elva Orange River, grenseelva mellom Namibia og Sør-Afrika, at dimantjakta skal foregå.

Langt til havs

Gjennom millionar av år har denne elva ført med seg diamantar frå fjella og ut til kysten, og etter kvart langt ut til havs.
- Her er det ikkje eit elvedelta, slik ein har mange andre stader ved utløpet av store elvar. I staden er elvemassa ført langt til havs. Det er eit enormt leiteområde som skal dekkast, seier Shikongo.
Selskapet er fremst i verda på diamantleiting til havs, og har vore i diamantindustrien i 127 år. Frå før har selskapet fem skip som leitar og tek prøver frå havbotnen, i tillegg til eit stort produksjonsskip.
På produksjonsskipet har ein eit diger bulldoser-liknande fartøy til å samle masse på havbotnen, der massa vert transportert gjennom slangar opp til skipet.

Diamantsafe

På leiteskipa brukar ein ei stor omvendt bøtte som ein set ned på havbotnen, og syg opp alle massa ned til rundt fem meter djupne. Også her vert massa soge opp til skipet gjennom ein slange. Deretter vert alle partiklar over fem centimeter skylt på havet, og i resten av massa vert det leitt etter diamantar gjennom avanserte automatiske skanning-prosessar.
Om det vert gjort funn av diamantar, vert desse samla i små boksar, som deretter vert plasserte i ein safe om bord i skipet. Ein diamant kan vere verd fleire titals millionar kroner, og kvar veke vert boksa med diamantar henta med helikopter og floge inn til De Beers-anlegget i Windhoek.

James Bond-aktig

Adm. dir. Svein-Rune Gjerde i designselskapet Marin Teknikk seier at det er ein litt James Bond-aktig operasjon.
- Det kjem gjerne to helikopter ut til båten, med tungt bevæpna vakter på begge helikoptera. Deretter vert diamantane henta frå safen som ein har om bord i båten. Det er nesten som å sjå ein James Bond-film.
Marin Teknikk fekk prestisjekontrakten på diamantskipet.
- Dette er ein viktig kontrakt for oss. Vi har stor tru på ‘seabed mining’ – gruvedrift på havbotnen, seier Gjerde.

Storsatsing på gruvedrift

Marin Teknikk har nyleg fått 7,3 millionar kroner med Forskingsrådet for å utvikle gruveskip til havs.
- Vi har samla fleire aktørar i denne satsinga, mellom anna Modelltanken i Trondheim.
- For oss er dette ei storsatsing, som vi har stor tru på. Målet er å verte av dei fremste i verda for utvikling av ulike typer skip til gruvedrift til havs – både på havbotnen og under, seier Gjerde.

Godt samarbeid

Det Kleven-bygde skipet skal vere ferdig i juni. Deretter går skipet til Cape Town for endeleg utrustning.
Salssjef Arve Holstad ved Kleven seier at ein er i rute med bygginga.
Han rosar samarbeidet med det namibiske selskapet.
- Det var svært mykje arbeid rundt dokumentasjon i starten, men etter kvart har vi hatt eit svært godt samarbeid.
- Dette er dyktige folk som veit kva dei vil ha.
Holstad seier at for reiarlaget er det første gongen dei har satsa på dynamisk posisjonering.
- Det er viktig at skipet ligg på nøyaktig rett posisjon. Her har vi hatt eit godt samarbeide med Kongsberg.

Halvt statseigd

Diamantskipet er eigd 50 % av De Beers Marine Namibia og 50 % av den namibiske staten.
Skipet vil få namnet Nujoma, og vert dermed oppkalla etter at Sam Nujoma, som var namibias første president og regjerte frå 1990 til 2005.

Skipet skal drive med leiting i tre år samanhengande, før det skal inn til land for vedlikehald. I mellomtida vil skipet verte forsynt frå hjelpefartøy.
Det kjem gjerne to helikopter ut til båten, med tungt bevæpna vakter på begge helikoptera

Publisert: 09.01.2016 23:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52