- Men det tek litt tid før det slår ut for båteigarane.
Skjong orienterte om situasjonen under offshorekonferansen i Fosnavåg onsdag. Konferansen var i regi av Kyllingstad-Kleveland Advokatfirma i samarbeid med Sparebanken Møre og Fearnley.
Under konferansen vart Skjong konfrontert med ein artikkel i Sunnmørsposten der han uttrykte seg svært positivt om framtidsutsiktene, same dag som offshoremeklaren Seabrokers kom med dystre spådomar, spesielt for vinteren i Nordsjøen.
Skjong seier at han deler synet på at vinteren i Nordsjøen vert tøff, og er samd i at det har vorte tatt for mange båtar for fort ut av opplag.
- Men likevel trur eg ikkje vinteren i år vert så tøff som i fjor, for då var det verkeleg ille.
Blant anna viser han til at det i dag vert produsert 97,5 millionar fat olje om dagen, der Norge sin andel berre er på to millionar fat.
I 2025 viser analyser at det vil vere behov for 104,8 millionar fat olje dagleg.
- Dei prosjekta som er i gang i dag er langtfrå nok til å dekke gapet mellom dagens produksjon og det framtidige behovet. Det trengst mange fleire prosjekt og dermed også fleire båtar.
- I 2017 vart det skrapa 150 offshoreskip, samstundes som berre 60 nye vart bygde. Denne utviklinga trur vi vil halde fram.
Han viste spesielt til at i dag er 40 prosent av ankerhandlerane i opplag over 15 år gamle.
- Dette er båtar som er skrapekandidatar.
- Faktisk trur vi at berre rundt ein tredjedel av desse kjem til å verte leverte.
Av AHTS-ar i Nordsjøen er no 56 i opplag, 64 i spotmarknaden og berre 25 på kontrakt over 30 dagar.
- Det vert stadig færre ankerhandterarar som jobbar langtid i Nordsjøen. Derimot ser vi at det vert teikna stadig fleire langtidskontraktar for PSV-ar.
- For PSV-ar ser vi ei fin stigning av ratene, spesielt for dei større og nyare båtane.
For subsea såg han også lysning, der det no vert teikna kontraktar med rater på rundt 80.000 dollar i døgnet.
- Det er fleire tenderar no ute med grei prising.
Skjong viste også til det er auka aktivitet fleire stader i verda, ikkje minst i Midt-Austen.
- Berre Saudi Aremco treng åleine 200 fleire fartøy dei neste fem åra.
- Og i Taiwan er det manko på både kranfartøy og støttefartøy.
Han trur også at oljeprisen vil styrke seg ytterlegare.
- Vi trur at eit fat Nordsjøolje vil koste 90 dollar fatet i 2020. Dette vil igjen føre til meir aktivitet og at fleire prosjekt vert sette i gang som tidlegare vart sett på som lite interessante.
Skjong orienterte om situasjonen under offshorekonferansen i Fosnavåg onsdag. Konferansen var i regi av Kyllingstad-Kleveland Advokatfirma i samarbeid med Sparebanken Møre og Fearnley.
Under konferansen vart Skjong konfrontert med ein artikkel i Sunnmørsposten der han uttrykte seg svært positivt om framtidsutsiktene, same dag som offshoremeklaren Seabrokers kom med dystre spådomar, spesielt for vinteren i Nordsjøen.
Skjong seier at han deler synet på at vinteren i Nordsjøen vert tøff, og er samd i at det har vorte tatt for mange båtar for fort ut av opplag.
- Men likevel trur eg ikkje vinteren i år vert så tøff som i fjor, for då var det verkeleg ille.
Stort behov for meir olje
Dei store lyspunkta finn derimot Skjong i eit litt større og lengre perspektiv.Blant anna viser han til at det i dag vert produsert 97,5 millionar fat olje om dagen, der Norge sin andel berre er på to millionar fat.
I 2025 viser analyser at det vil vere behov for 104,8 millionar fat olje dagleg.
- Dei prosjekta som er i gang i dag er langtfrå nok til å dekke gapet mellom dagens produksjon og det framtidige behovet. Det trengst mange fleire prosjekt og dermed også fleire båtar.
Mykje skraping
Han trur også at det vert mykje skraping av båtar.- I 2017 vart det skrapa 150 offshoreskip, samstundes som berre 60 nye vart bygde. Denne utviklinga trur vi vil halde fram.
Han viste spesielt til at i dag er 40 prosent av ankerhandlerane i opplag over 15 år gamle.
- Dette er båtar som er skrapekandidatar.
Trur få Kina-båtar vert leverte
Av nybygg er det 90 prosent som skjer i Asia, og spesielt i Kina. Skjong meinte at svært mange av båtane aldri ville verte ferdigstilte eller kome i arbeid.- Faktisk trur vi at berre rundt ein tredjedel av desse kjem til å verte leverte.
Av AHTS-ar i Nordsjøen er no 56 i opplag, 64 i spotmarknaden og berre 25 på kontrakt over 30 dagar.
- Det vert stadig færre ankerhandterarar som jobbar langtid i Nordsjøen. Derimot ser vi at det vert teikna stadig fleire langtidskontraktar for PSV-ar.
Oppsving i subsea
Her er det no 73 i opplag, 49 i spot og 158 på langtidskontrakt.- For PSV-ar ser vi ei fin stigning av ratene, spesielt for dei større og nyare båtane.
For subsea såg han også lysning, der det no vert teikna kontraktar med rater på rundt 80.000 dollar i døgnet.
- Det er fleire tenderar no ute med grei prising.
Skjong viste også til det er auka aktivitet fleire stader i verda, ikkje minst i Midt-Austen.
- Berre Saudi Aremco treng åleine 200 fleire fartøy dei neste fem åra.
- Og i Taiwan er det manko på både kranfartøy og støttefartøy.
Han trur også at oljeprisen vil styrke seg ytterlegare.
- Vi trur at eit fat Nordsjøolje vil koste 90 dollar fatet i 2020. Dette vil igjen føre til meir aktivitet og at fleire prosjekt vert sette i gang som tidlegare vart sett på som lite interessante.
Berre Saudi Aremco treng åleine 200 fleire fartøy dei neste fem åra
Publisert: 06.09.2018 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25