Viste digital tvilling av heile fylket
No er heile Møre og Romsdal plotta inn i det kraftige verktøyet til simulatorsenteret i Ålesund.
Onsdag tok The North West-konferansen til for alvor på Parken Kulturhus i Ålesund.
Sjå direktesending frå konferansen (ekstern lenke)
På programmet stod mellom anna demonstrasjon av ein digital tvilling av Møre og Romsdal fylke ved Joel Mills frå Augment City og Kari Aina Eik som leiar FNs arbeid med smarte byar.
- Å kople menneske og maskiner er eitt av måla ved å ta i bruk slike verktøy, sa simulatorsjefen som påpeika at mengda data som kan presenterast på ein forståeleg måte, aukar betydelig med denne metoden.
Ser betring på nokre område
I simuleringsverktøyet er det plotta inn data for heile landskapet og ein mengde tal for korleis fylke ligg an i høve FNs bærekraftsmål.
Mills var glad for at dei for første gong kunne vise heile fylke i modellen.
Arbeidet har allereie gått føre seg i fleire år, som gjer at til eksempel Ålesund allereie kunne sjå utvikling. Mills kunne fortelje at situasjonen har blitt betre på nokre område til dømes mobilitet.
Havet er årets tema
Konferansen innehalder ei rekke arrangment både på dagtid og kveldstid ulike plassar i byen. Tema i år er bærekraft og havet.
Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal , Sula-ordførar Jim Arve Røssevoll og fylkesordførar Tove-Lise Torve ønska velkomen ved opninga.
- Havet har forma samfunnsutviklinga langs kysten i alle tider. Saman skal vi finne ut korleis vi skal utvikle samfunnet framover, i relasjon til havet. Koleis vi skal skape attraktive stadar å bu og leve, samstundes som vi tek vare på naturen som omgir oss. Det er det som må til om Noreg skal lukkast framover, heiter det i arrangørens eige omtale.
Sjå programmet her (ekstern lenke)
Publisert: 27.04.2022 10:01
Sist oppdatert: 27.04.2022 11:46