Jan Børre Rydningen Digicat Å KP foto Ogne
DIGITAL TVILLING-KURS: Jan Børre Rydningen, leiar for Digicat Norsk Katapultsenter hos Åkp i Ålesund, har første kull med representantar frå fleire bedrifter på skulebenken.. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Har fått fart på digital tvilling-satsing

- Om aktørane ikkje har digitale tvillingar innan fem år så er dei ute av business, seier Jan Børre Rydningen, leiar for Digicat Norsk Katapultsenter hos Åkp.

19.02.2022

I vinter er første kull med representantar frå fleire bedrifter på skulebenken hos Digicat Norsk Katapultsenter i Ålesund, for å lære å bygge og bruke digitale versjonar av produkta sine.

Poenget med dei digitale versjonane er mellom anna å teste ut korleis produkta verkar og gjere naudsynte endringar, utan å måtte bygge eit fysisk produkt først.

Dei kan også brukas til å overvake, analysere og presentere innsamla data frå anlegg og utstyr, for å lette drift og vedlikehald,

Eigne prosjekt
Eit viktig poeng i opplæringa om utvikling og bruk av digitale tvillingar, er at deltakarane stiller med eigne prosjekt, som selskapet deira skal bruke seinare.

Opplæringa omfattar mellom anna fire samlingar og tilgang til verktøy og den digitale laben på ÅKP ut heile 2022.

Dagens kurs blir avslutta til påske, men deltakarane får tilgang til den digitale laben på ÅKP ut heile 2022.

– Målet er å sette i gang eit nytt kurs til hausten, seier Rydningen.

Planen er å ha fem til sju bedrifter med i kvart kull.

Har teke tid
Rydningen seier det har tatt lenger tid å kome i gang med bruk av digitale tvillingar av fysiske produkt enn han opphavleg såg for seg, men at det i dag er er aukande interesse.

- Om aktørane ikkje har digitale tvillingar innan fem år så er dei ute av business, er hans spådom.

Då ÅKP opna sin Blue Innovation Arena i NMK-bygget i Ålesund i 2017 var det mellom anna med med maskiner og programvare slik at bedriftene kunne lære om - og utvikle - digitale modellar av sine fysiske produkt.

I 2018 fekk ÅKP katapultstatus - med namnet Digicat Norsk Katapultsenter - nettopp for å kunne finansiere ei større satsing på utvikling og bruk av digitale tvillingar.

Dei digitale tvillingane skal helst også byggast slik at den digitale tvillingen frå ei bedrift, til dømes frå ein leverandør av skipsutstyr, også kan settast inn i den digitale tvillingen av sjølve skipet.

Sjefen på skulebenken
Dagleg leiar Bernt-Aage Ulstein i UImatec Pyro er ein av deltakarane og har sett seg sjølv på skulebenken for å lære.

Bedrifta er spesialist på å bygge løysingar som aukar energiutnyttinga på skip, mellom anna ved varmegjenvinning.

- Automasjon er ein heilt essensiell del av funksjonen i produkta våre, men vi har kanskje ikkje vore like flinke til å vidareutvikle potensialet som faktisk ligg i dette, seier Ulstein

Han er viss på at det han og kollegane lærer på kurset, vil kome selskapet til gode. Men han ser ikkje for seg at det vil løne seg å lage komplette digitale versjonar av alt i produktporteføljen. Det blir for tidkrevande og dyrt.

Vr lab vr briller digitalisering åkp foto marius 11
VIRTUELL VERD: Teknologien bak digitale tvilllingar gjer det mellom anna råd å teste konstruksjonar før det fysiske produktet blir bygd, og dele og analysere informasjon med folk langt unne. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach

Forenkla versjonar

Det er imidlertid råd å lage forenkla digitale tvillingar, der berre dei mest kritiske komponentane, eller funksjonane er med.

Forventningane til Ulstein er at teknologien vil gjere det råd for Ulmatec Pyro sine folk å fjernovervake utstyr selskapet har på skip verda over ved hjelp av sensorar, og kartlegge eventuelle feil og manglar i den digitale tvillingen heime i Noreg.

Det kan gjere det råd å hjelpe mannskapet med å utbetre feilen, og sørge for at reisemontøren veit kva som må gjerast før ho eller han kjem fram. Datainnsamlinga vil og gi Ulmatec Pyro nyttig kunnskap om produktet selskapet har levert og gjere det lettare finne ut korleis det kan forbetrast.

Teknologien vil også gjere det lettare å nå alle brukarane med opplæring i korleis Ulmatec Pyro-systema skal brukast. Det typiske i dag er opplæring til berre ein del av mannskapet ved overlevering, ifølgje Ulstein.

Styringstøtte
Cflow, som også er med på vinterens kull hos Digicat, har samla data frå bruken av sine fiskehandteringsanlegg i fiske- og oppdrettsbåtar sidan 2014.

Det gir selskapet eit grunnlag for å forbetre sine eigne produkt.

Samstundes gi datastraumen frå pågåande operasjonar, i kombinasjon med dititale tvilllingar, beslutningsgrunnlag for å styre pågåande operasjonar.

Dess meir informasjon, dess meir krevande å presentere og analysere den på ein måte som gjer at den kjem til nytte.

Der er digitial tvilling eit nyttig verktøy både for Cflow og Cflow sine kundar, seier Tom Christian Dahl, prosjektleiar for digitalisering hos Cflow.

- Vi ønskjer å oppdatere våre modellar slik at det gir beslutningstøtte for dei som driv båten, seier han.

Publisert: 19.02.2022 06:00

Sist oppdatert: 18.02.2022 18:35