Joel mills offshore simulator centre 11
KAPITALUTVIDING: 100 millionar i ny kapital er målet for Offshore Simulator Centre-sjef Joel Mills. Arbeidet med å få investorar med på kapitalutvidinga er alt i gang. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Skal minst doble staben

Offshore Simulator Centre i Ålesund skal hente tresifra antall millionar for å finansiere rask vekst.

22.03.2022

Innan fire år kan dagens 43 tilsette bli meir enn dobbelt så mange om Offshore Simulator Centre i Ålesund når sine mål om raskt vekst.

No skal Offshore Simulator Centre hente inn 100 millionar kroner i ny eigenkapital. Kapitalutvidinga skjer i samarbeid med rådgivingselskapet Converto i Ålesund, og selskapet har allereie hatt dei første møta med moglege investorar, fortel dagleg leiar Joel Mills.

På arrangementet Investormatch på NMK i Ålesund onsdag 23. mars er han ein av dei som skal presentere selskapet sitt for investorar.

Rask vekst
Mills understrekar at kapitalutviding ikkje skjer fordi selskapet treng pengar, men fordi det ønskjer kapital til å finansiere ein raskare vekst enn det ellers kan få.

- Vi ser eit fantastisk høve til å vekse i stor fart, seier han.

Den viktigaste investeringa kapitalutviding skal finansiere er fleire tilsette. Offshore Simulator Centre er i ferd med å rekruttere 10 nye, i hovudsak programmerarar og systemutviklar, men det skal blir fleire. Innan 2026 kan det vere minst dobbelt så mange, seier Mills.

I dag har Offshore Simulator Centre fire eigarar; NTNU, Team OSC (tilsette) Solstad Ålesund, Sintef og Kongsberg.

Starta med offshore-bransjen
Offshore Simulator Centre starta som eit senter for simulatortrening av mannskap på offshorebåtar i oljebransjen.

Offshorekrisa etter oljeprisfallet i 2014 gjorde at den marknaden krympa, og selskapet har snudd seg mot nye marknadar.

Framleis er aktørar med skip og installasjonar til havs den største kundegruppa, men no er det fornybarmarknaden som veg tyngst.

Simulatorprogramma blir brukt både til øving og til planlegging av operasjonar.

Byplanlegging
Offshore Simulator Centre har også utvikla ein simulatormodell der du kan bygge ein datamodell av ein by, for kartlegging og planlegging av alt frå energiforbruk, trafikkstraumar og plassering av bustadar og næringsbygg.

I dag står bysimulatoren for omlag 20 prosent av inntektene til Offshore Simulator Centre. Men det er den delen av verksemda som veks raskast.

Mills ventar at bysimulatoren vil stå for omlag halvparten av inntektene i 2026.

Skal selge lisensar
Eit anna bidrag til vekst, er å satse meir på å lage programvare som kundane sjølve kan bruke for å bygge sine eigne simultatorprogram.

Desse er laga for å vere relativt enkle i bruk, medan dei store og skreddarsydde simulatorprogramma skal lagast av Offshore Simulator Centre.

Fleire på pengejakt
I tillegg til Offshore Simulator Centre skal selskapa Dipai, Ocean Visionering, Prodtex og Terp gi korte presentasjonar under arrangementet.

Tarjei Munthe Vassbotn skal presentere status for IT-selskapet Tana, som skal "snu opp ned på hvordan mennesker og teams jobber sammen", ifølgje programmet til Investormatch.

Eirik Belland, grunnleggar av Effee Induction, er også på pengejakt i følgje programmet. Selskapet starta som utstyrsleverandør til støyperi.

Publisert: 22.03.2022 06:00

Sist oppdatert: 10.05.2024 10:18

Mer om