Skjønsnemnd Ørsta Volda Sølvi Dimmen Ørnulf Røhnebæk Stein Aam foto Ogne
VURDERER ANKE: Både Volda og Ørsta vil vurdere om vedtaket i skjønsnemnda skal ankast. Til venstre ordførar Sølvi Dimmen (Volda), til høgre ordførar Stein Aam (Ørsta. I midten lagdommar Ørnulf Røhnebeck. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Volda skal betale, men mindre enn Ørsta vil ha

Volda kommune skal betale Ørsta 5,5 millionar kroner årleg i åra 2020-2027 etter at bygdene innerst i Hjørundfjorden vart overført frå Ørsta til Volda.

19.02.2022

Volda og Ørsta kommune vart ikkje samde om oppgjeret etter at bygdene innerst i Hjørundfjorden vart overført frå Ørsta til Volda frå 2020.

Kommunane valde å ta saka til skjønsnemnda, som no har konkludert, skriv avisa Møre.

Til saman skal Ørsta få 44 millionar kroner i erstatning.

Volda kommunen meiner det økonomiske tapet til Ørsta ikkje blir av eit slikt omfang at det utløyser rett til erstatning.

Kraftinntekter
Bygdene har kraftverk som gir kommunen millioninntekter.

Utan erstatning vil Ørsta kommune tape 180 millionar kroner i inntekter dei neste 20 åra, sa ordførar Stein Aam frå Ørsta i si innleiing til skjønsnemnda.

Hovudkravet frå Ørsta kommune var ei erstatning som er knytt til prisutviklinga på kraft framover, med full kompensasjon for tapte inntekter i 15 år og deretter ei nedtrappingstid på fem år. Dersom skjønsnemnda konkluderer med ei eingongserstatning er kravet frå Ørsta 110 millionar kroner.

No får Ørsta altså 44 millionar.

Vedtaket i skjønsnemnda kan ankast.

For mykje
– Det er klart at eg trur verken Ørsta eller Volda kommunar er spesielt nøgde med dette ut frå det utgangspunktet kommunane hadde. Eg meiner framleis at åtte år med alle inntektene er for mykje. Det er min umiddelbare reaksjon på avgjerda. No skal vi sjå nærare på saka, seier Volda-ordførar Sølvi Dimmen til Møre-Nytt.

Også Ørsta skal vurderer om saka skal ankast.

- Storleiken på beløpet er vi ikkje nøgde med. Saka skal takast opp i forhandlingsnemnda over helga. Vi skal samråde oss med formannskap og kommunestyre før vi endeleg bestemmer oss om å anke eller ikkje, seier ordførar Stein Aam i Ørsta til Møre-Nytt.

Publisert: 19.02.2022 20:10

Sist oppdatert: 19.02.2022 20:31