Oppdrettsselskapet Måsøval la tysdag fram rapporten for 4. kvartal i fjor.
Den viste at heile 2024 enda med redusert produksjonsvolum og lågare inntekter samanlikna med året før (sjå tabell under).
Måsøval-aksjen på Oslo børs starta med eit fall, før den steig til 27 kroner aksjen ved 10-tida.
Sjukdom vil påverke resultata
Måsøval har hovudkontor på Frøya på trøndelagskysten og har delt inn produksjonen i to hovudregionar. Området «farming west» består av anlegga i Ulstein, Ørsta og Volda.
Her ventar selskapet at sjukdomen pasteurellose vil påverke resultatet dei neste månadene, ifølgje rapporten.
Det er tidlegare kjent at Måsøval har slitt med omfattande fiskedød som følgje av sjukdom og luseproblem. Mot slutten av 2024 døydde minst 37.000 laks Kvangardsnes-anlegget i Voldsfjorden. Selskapet har også anlegg i Frøya, Smøla, Hustadvika, Averøy og Kristiansund.
Redusert lønnsemd og haustevolum
Kvartalsrapporten viser at lønnsemda blei redusert i fjor, samanlikna med 2023.
Resultat før skatt enda i 2024 på drygt 31 millionar kroner, medan selskapet leverte eit overskot før skatt på 164 millionar året før.
Les børsmelding (ekstern lenke)
I heile 2024 hausta Måsøval 22.100 tonn, ein nedgang frå drygt 24.500 tonn året før.
Måsøval as | ||
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 2438,6 | 2400,3 |
Driftsresultat | 196,0 | 292,7 |
Resultat før skatt | 31,1 | 164,2 |
Måsøval as | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 572,1 | 688,4 |
Driftsresultat | 26,0 | -20,5 |
Resultat før skatt | -17,7 | -52,5 |
Publisert: 25.02.2025 10:01
Sist oppdatert: 25.02.2025 10:01