Ola Honningdal Grytten Foto Ogne Øyehaug
DYR GJELD:For å vurdere soliditeten i økonomien til folk, må ein sjå på inntekt opp mot heile gjeldsportefølgja, forklarar Ola Grytten, som er professor i økonomi ved Noregs handelshøgskole i Bergen. Han seier likevel det er ein god tommelfingerregel å halde den dyre forbruksgjelda så låg som overhovudet mogleg. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Voldingane har minst forbruksgjeld i landet

Vestlendingar skuldar minst. Ikkje tilfeldig, meiner økonomiprofessor Ola Grytten.

NPK
19.02.2024

(NPK – Heidi Molstad Andresen): Blant dei 20 kommunane med lågast forbruksgjeld i heile landet, finn me 10 kommunar i Vestland. Det trur ikkje økonomiprofessor Ola Grytten er tilfeldig. – Vestlandet har ein lang puritansk tradisjon, konstaterer han.

– I Finnmark er forbruksgjelda per hovud i snitt 35 prosent høgare enn i Agder. Det er ein overraskande stor skilnad i eit land der det meste elles er likt, seier økonomiprofessor Ola Grytten, når me presenterer han for ei fersk oversikt som Gjeldsregisteret AS har utarbeidd for Nynorsk pressekontor.

At nordmenn generelt brukar mykje pengar er ikkje nytt. Det var difor det sentrale Gjeldsregisteret vart oppretta i 2019; for å gje bankar og finansføretak betre oversikt over kreditt -og forbruksgjelda vår – og med det redusere den samla gjeldsgrada til nordmenn.

Ny auke etter koronapandemien
Frå 2020 til 2022 vart då også forbruksgjelda redusert. Ikkje berre fordi utlånsreglane vart stramma inn, men også grunna covid og eit generelt større måtehald.

Sistnemnde ser det ut til at me har lagt bak oss. I fjor peika pila nemleg oppover på nytt og førte oss tilbake til inngangen til 2020-nivå. Samla har me nordmenn no nær 160 milliardar kroner i forbruksgjeld.

Storleiken på den kostbare gjelda er ein ting, seier Ola Grytten – men han er altså meir overraska over dei påfallande geografiske skilnadene.

Skuldar tre gonger meir i Gamvik, enn Luster
I Gamvik kommune i Finnmark hadde til dømes dei 1054 innbyggjarane ei gjennomsnittleg samla forbruksgjeld på 65.210 kroner. Samla forbruksgjeld inkluderer også forbruksgjelda som enno ikkje er forfalle til betaling (såkalla ikkje-renteberande gjeld).

I den andre enden av kommuneskalaen finn vi Luster i Vestland med vel 5200 innbyggjarar. Ifølgje berekningane frå Gjeldsregisteret har lustringane i snitt 18.120 kroner i samla forbruksgjeld. Innbyggjarane i Gamvik har altså i snitt 3,5 gonger så mykje.

Til TV 2 har Ap-ordføraren i Gamvik tidlegare mellom anna forklart gjeldstala med at finnmarkingane historisk sett har hatt lite eigenkapital og er vane med å måtte låne pengar til alt frå bustad, bil, skuter og ferieturar. Ho påpeikte også at marknadsverdien på bustader i Finnmark er låg, og at det difor er vanskeleg å få lån med sikkerheit i eigen bustad.

Særleg skremmande meiner Grytten
Økonomiprofessor Ola Grytten trur derimot tala først og fremst viser at nordmenn legg ulik vekt på kor viktig det er å ha minst mogleg kostbar gjeld:

– Eg har sett gjeldstala opp mot inntektsstatistikk frå SSB. Det er ingen tydeleg samanheng mellom inntektsnivå og forbruksgjeld, men det er ein viss samanheng mellom inntektsnivå og kor stor del av inntekta forbruksgjelda utgjer. Ein ser heller ikkje like høge gjeldstal i Troms og Nordland som i Finnmark. Finnmarkingane har jo også rimelege bustader.

At det no er den renteberande forbruksgjelda som stig mest, er særleg skremmande, seier Grytten. Renteberande forbruksgjeld er forbruksgjeld som alt har forfalle til betaling. Det er den som er den «farlege» gjelda, og som gjer låntakarane ekstra sårbare for eit krakk eller ei skikkeleg krise.

Desse tre fylka har ein lang puritansk tradisjon der måtehald har vore høgt verdsett.
Ola Grytten

Lågast gjeld i Volda
Ser ein på kommunane med lågast samla renteberande forbruksgjeld, er det Volda i Møre og Romsdal som kan skilte med minst gjeld og 14.647 kroner per hovud. Vestland følgjer like bak, med Luster på andreplass (14.789 kroner) og Modalen (15.461 kroner) på tredje.

Samla er det faktisk 10 vestlandskommunar på lista over dei 20 kommunane med minst gjeld. Jamt over syner også gjeldstala at det er fylka Vestland, Møre og Romsdal og Agder som har minst forbruksgjeld.

Det trur ikkje økonomiprofessoren frå Ålesund er heilt tilfeldig:

– Her handlar det kanskje om haldningar til å det ha gjeld. Desse tre fylka har ein lang puritansk tradisjon der måtehald har vore høgt verdsett. Eg ser ikkje bort frå at dei negative haldningane til det å ha gjeld framleis blir nedarva, og i større grad enn ein har trudd, seier Grytten.

Sjå topp 20 kommunar med lågast forbruksgjeld:

Kommunane med minst gjeld per hovud

Topp 20 kommunar med lågast samla renteberande forbruksgjeld (snitt per innbyggjar). Renteberande, usikra forbruksgjeld omfattar nedbetalingslån (forbrukslån og anna usikra gjeld), forfalle rammekreditt (kredittkort) og forfalle faktureringskort (betalingskort). Det er denne forbruksgjelda som gir låntakarane særleg høg rentebelastning.

fylke/kommune/snitt per innbyggjar i kroner

Møre og Romsdal: Volda/14.647

Vestland: Luster/14.789

Vestland: Modalen/15.461

Innlandet: Vågå/15.782

Trøndelag – Trööndelage: Lierne/16.411

Vestland: Solund/16.521

Trøndelag – Trööndelage: Tydal/16.558

Vestland: Sogndal/ 16.592

Trøndelag – Trööndelage: Osen/17.119

Nordland – Nordlánnda: Hattfjelldal/17.142

Vestland: Gloppen/17.553

Innlandet: Lom/17.587

Trøndelag – Trööndelage: Snåase – Snåsa/17.616

Vestland: Bremanger/18.065

Vestland: Kvam/18.236

Vestland: Hyllestad/18.499

Vestland: Ulvik/18.667

Trøndelag – Trööndelage: Høylandet/18.687

Møre og Romsdal: Vanylven/18.873

Vestland: Stryn/18.973

Vestlendingar skuldar minst
Nedarva haldningar kan i så fall forklare noko av at dei geografiske skilnadene også er godt synlege blant unge vaksne mellom 18 til 29 år.

Fylkesvis er det dei unge i Vestland som har minst forbruksgjeld, med eit snitt på 9680 kroner per hovud. I Finnmark startar dei unge vaksenlivet med dobbelt så mykje forbruksgjeld med eit snitt på 14.780 kroner.

Det er også i Finnmark at den gjennomsnittlege, samla forbruksgjelda per innbyggjar over 18 år er størst – med 41.000 kroner i snitt per hovud. I Agder, der snittgjelda er aller minst, skuldar dei ti tusen mindre per hovud, med 30.600 kroner i snitt. Vestlendingane har nest minst gjeld av alle fylka, med 31.84 kroner i usikra gjeld per innbyggjar over 18 år.

Fylka med mest og minst forbruksgjeld

Tabellen viser snittet av samla forbruksgjeld (både renteberande og ikkje-renteberande) i kroner per innbyggjar over 18 år.

Fylke/Usikra gjeld per innbyggjar

Finnmark – Finnmárku – Finmarkku: 41.191

Akershus: 38.875

Østfold: 38.328

Telemark: 37.693

Vestfold: 37.313

Buskerud: 37.279

Oslo: 35.910

Innlandet: 35.064

Troms – Romsa – Tromssa: 34.972

Rogaland: 33.931

Nordland – Nordlánnda: 33.757

Trøndelag – Trööndelage: 32.179

Møre og Romsdal: 31.870

Vestland: 31.684

Agder: 30.614

Kan vere fleire forklaringar
Ola Grytten er tydeleg på at statistikken korkje fortel noko om årsak eller motiv. Han kastar difor fram nokre fleire moglege forklaringar på kvifor forbruksgjelda i dei vestlege og sørlege fylka er lågare enn elles i landet:

– Kanskje er dei som innvilgar kreditt meir forsiktig i desse områda? Eller er det ein korrelasjon mellom offentlege arbeidsplassar og forbruksgjeld – og at folk i fylke med konkurranseutsett næringsliv er meir forsiktige med å ta opp forbrukslån? Vestland har mykje privat næringsliv og – med unnatak av Bergen og Stavanger – lite offentlege arbeidsplassar. Sunnmøre, Agder og Rogaland har alle svært få offentlege arbeidsplassar og er avhengige av solide verksemder. Samtidig ser me at alle desse områda har låg forbruksgjeld. Her kan det rett og slett ha danna seg ein kultur for forståing av at forbruksgjeld sjeldan er ein god ting.

Den forståinga meiner Grytten me alle bør ha:

– For å vurdere soliditeten i eigen økonomi, må ein sjå på inntekt opp mot heile gjeldsportefølgja. Det er likevel ein god tommelfingerregel å halde den dyre forbruksgjelda så låg som mogleg.

Sjå topp 20 kommunar med mest forbruksgjeld:

Kommunane med mest gjeld per hovud

Topp 20 kommunar med høgast samla renteberande forbruksgjeld i kroner (snitt per innbyggjar).

Fylke/Kommune/Snitt per innbyggjar

Finnmark – Finnmárku – Finmarkku: Gamvik / 59.051

Nordland – Nordlánnda: Værøy/56.265

Finnmark – Finnmárku – Finmarkku: Hasvik/51.053

Trøndelag – Trööndelage: Frøya/50.652

Akershus: Nannestad/50.554

Troms – Romsa – Tromssa: Gratangen/49.672

Finnmark – Finnmárku – Finmarkku: Vardø / 44.720

Trøndelag – Trööndelage: Namsskogan/44.069

Finnmark – Finnmárku – Finmarkku: Båtsfjord/43.227

Finnmark – Finnmárku – Finmarkku: Loppa/43.130

Akershus: Ullensaker/42.876

Troms – Romsa – Tromssa: Loabák -Lavangen/42.600

Akershus: Aurskog-Høland/42.473

Finnmark – Finnmárku – Finmarkku: Unjárga – Nesseby/41.837

Troms – Romsa – Tromssa: Dielddanuorri – Tjeldsund/41.251

Akershus: Eidsvoll/41.075

Agder: Bygland/40.975

Innlandet: Åsnes/40.831

Nordland – Nordlánnda: Bø/40.574

Troms – Romsa – Tromssa: Skjervøy/40.385

Publisert: 19.02.2024 10:06

Sist oppdatert: 19.02.2024 10:06

Mer om