Volstad i kontraktskrangel
TRØBBEL: Volstad Surveyor (biletet) er utleigd til 30. september i år, men leigetakaren avbryt kontrakten.
Nytt

Volstad i kontraktskrangel

Volstad Shipping vil kreve erstatning etter at DeepOcean avsluttar kontrakt før tida.

02.03.2016
Eivind Volstads selskap, Volstad Shipping, inngikk 23. april 2012 avtale med subseaoperasjon-selskapet DeepOcean om å leige Volstad Surveyor fram til 30. september i år.
No avbryt DeepOcean kontrakten.
Volstad Shipping er "sterkt uenig" i DeepOcean si avgjerd, i følgje ei børsmelding som blei sendt ut klokka 22.45 i dag, mandag 8. februar.

Krev erstatning

Volstad Shipping meiner termineringa av kontrakten er grunnlaus. Selskapet vil vurdere dei juridiske konsekvensane av brotet, og vil krevje erstatning for alle relevante tap, heiter det i børsmeldinga.
Volstad Surveyor er eit såkalla IMR-skip, spesialbygd for å drive inspeksjon-, vedlikehald og reparasjon av oljeinstallasjonar på havbotnen. Det blei bygd i Spania og levert frå verftet i mai 2010, som det andre IMR-fartyet i Volstad-flåten.
DeepOcean Group Holding B.V. er eit nederlandsk selskap. Det norske datterselskapet har adresse i Haugesund.
I tillegg til to IMR-farty og eit tredje under bygging eig Volstad Shipping tre plattformforsyningskip og ein trålar.

Publisert: 02.03.2016 15:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52