Vurderer sommar og vinterrute for A Alesund Stad
NYE BÅTRUTER: Cruise Service har sett etter alternative måtar å tene pengar på etter at koronakrisa sette ein stoppar for cruiseturismen. Nyleg fekk dei løyve til å drive båtruter mellom Ålesund-Stad og ei «byrute» mellom Borgund museum – Devoldfabrikken – Alnes og Giske.
Nytt

Vurderer sommar- og vinterrute for Ålesund-Stad

Mange er spent på kvar hurtigbåtruta Ålesund-Stad skal gå. Les kva kommunane meiner – og kva Cruise Service sjølv tenkjer.

Marius Rosbach
18.06.2020
Onsdag var NETT NO med på ein testtur då hurtigbåten Gabriele segla frå Ålesund til Stad og tilbake. Om bord var ein rekke aktørar frå reiselivet på Nordvestlandet, i tillegg til representantar for ulike kommunar på søre Sunnmøre.
Det er Cruise Service som står bak tilbodet som startar opp i juli. I tillegg til å vise fram reiselivsaktørar langs ruta, for resten av reiselivsnæringa i distriktet – ville selskapet ha innspel til kva stoppestader dei burde velje.

Allereie har kommunane og andre, teke kontakt, og snakka varmt om «sine» stoppestader.
Utgangspunktet for planane er at hurtigbåten skal gå frå Ålesund, via Fosnavåg, Sandshamn og Åram, til Sandvika på Stadlandet.
– Det er veldig mykje positive tilbakemeldingar, seier operasjonssjef Kåre Molvær til NETT NO om responsen etter at nyheita blei kjent.

Ytre leia er sårbar for veret

Molvær trur dei kan gjere «mest nytte for seg» for reisande på ruta lengst vest i regionen. Då tenker han ruta både som kollektivtransport, og som service for turistar.
– Det er mange fine plassar her ute som er litt vanskeleg å kome til. Vi ønskjer også å vise fram desse, seier han.
Samtidig er den ytre leia meir sårbar når det kjem til veret, samanlikna med å segle Rovdefjorden og Vartdalsfjorden.
– Det er eit dilemma. Leia innaskjers kan vi gå uansett ver, men vi knyt ikkje saman den vestlege delen av «søre luten» med den ruta. Vi diskuterer framleis korleis det skal bli, men eg heller mot at det blir sett opp ei sommarrute og ei vinterrute. Samtidig bryt det mot prinsippet om å ha ei rute med faste haldepunkt. Vi får sjå, seier ein ope Molvær til NETT NO.

Viktig at tilbodet består

Alternativet med vinter- og sommarrute kan vere ei løysing som opnar for at fleire får besøk av hurtigbåten, men til ulike tider.

Om bord på testturen onsdag var både dagleg leiar i Havlandet Merethe Hjertø Flusund frå Herøy og ordførar Knut Erik Engh i Ulstein. Begge vil gjerne ha besøk – men understrekar at dette ikkje må bli nokon «krig» mellom kommunane.
– Eg vil gjerne ha stoppestad i Ulstein, men eg trur det viktigaste er at vi får eit nytt tilbod i regionen. Så kan det kombinerast med bussar som kan ta folk til andre plassar i regionen, seier Engh.
Han meiner Ulsteinvik sentrum, Flø og Eiksund – i den indre leia – kan vere aktuelle stoppestader.
Flusund meiner «heilt klart» Fosnavåg er ein naturleg stoppestad, men peiker som Engh på at det er mogleg å sjå litt vidare på problemstillinga.
– Kanskje kan dei reisande blir frakta på andre måtar vidare til andre stopp. Dette kan utviklast i reiselivssamanheng. Samtidig opplever vi at det er mange som vil sette pris på at det blir mogleg å reise frå Bergen til Ålesund. I dag er det mange som tek båten til Måløy og blir henta der, så det vidare sambandet mellom Stad og Ålesund er viktig, seier ho.
Flusund understrekar også at Cruise Service må få velje den ruta dei meiner er lønnsam, slik at ruta består i framtida.

Vil ikkje ha «krig» mellom kommunane

NETT NO har tidlegare omtala reiselivsprosjektet i regi av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, som vil knyte søre Sunnmøre tettare saman. Dette skal gjerast gjennom nettverk av attraksjonar, men også ved at kollektivtilbodet blir sydd best mogleg saman.

Erfaringane bygger mellom anna på suksessen fylkeskommunen har opplevd med sitt «Travel as the locals»-tilbod, der den ordinære kollektivtrafikken blir marknadsført for turistar.
– Vi er ikkje så opptekne av kommunegrensene i dette samarbeidsprosjektet. Det må ikkje blir slik at kommunane skal «krige til seg» reisande – for dei reisande sjølv er ikkje opptekne av det. Samtidig må vi lokale, også i næringslivet, vere flinke til å nytte tilbodet. Eg trur at dette kan knyte oss i hop her på søre Sunnmøre, seier ho.

Les også:


Fekk løyve til Ålesund-Stad-rute:


Begge delar?

Varaordførar Annika Brandal i Hareid og nytilsett prosjektleiar Julie Sundgot Andersen frå Vekst i Hareid var også med på båtturen. Også dei ser veldig positivt på den nye ruta - og vil gjerne ha besøk. Dei meiner fleire ting talar til fordel for Hareid. Men det betyr at ein må velje ei indre lei – og truleg droppe stopp i Fosnavåg.
– Det gjeld både attraksjonar som ein når via den indre leia, men den vil også vere meir stabil i høve veret og bruke mindre drivstoff. Klimaavtrykket blir betydeleg høgre i ei ytre lei, seier Andersen.
– Viss ein tenker at det skal vere ei rute som går heile året, så er indre leia meir aktuelt, legg Brandal til.
Varaordførar Einar Ekroll i Sande meiner ein vil ha ein større marknad i reiselivssamanheng, om ein legg ruta i ytre leia, der mellom anna Sandsøya er inkludert. Men også han meiner det er verd å ta omsyn til veret, om ein ser ruta som eit kollektivtilbod.
– Då vil eg trur at marknaden i indre kan vere større, og ein kan sjå føre seg ei rute med både Åram, Larsnes, Eiksund, Bjerknes. Då kan ein nå tak i eit veldig stort omland, påpeiker han.
– Og kvifor ikkje begge delar. Uansett er dette veldig spennande, legg han til.

– Ei effektiv og rasjonell rute

Endestoppane i Ålesund og Sandvik – der det er ti minutt køyring til bergensbåten frå Selje – er spikra. Undervegs blir det i første rekke signalstopp, med andre ord at båten segler forbi, om det ikkje er nokon som skal av eller på.

– Det viktigaste er at vi får til ei effektiv og rasjonell rute, samtidig må vi sjå på behovet. Kanskje er Fosnavåg ein plass der det er større grunnlag for trafikk på grunn av mannskapsskifte på båtar til eksempel. Slike ting må vi vurdere, fortel Molvær.
Han fortel at det også er kreftar sør for Stad som vil bidra til at rute kjem på plass.
– Norled vil gjerne at denne ruta blir knyt saman med deira rute frå Selje til Bergen.
Eit forslag operasjonssjef Kåre Molvær jobbar med for tida, inneber at båten reiser frå Ålesund kl. 05 om morgonen, og vere i Sandvika ved 6.30-tida. Det betyr at dei reisande kan vere i Bergen kl. 11.50. Returen frå Stad kring klokka 7, kan vere i Ålesund før klokka 9.
Det opnar for at dei kan segle to ruter dagleg. Reisande som drar frå Bergen ved 8-tida kjem til dømes til Selje ved 13-tida, og då vil Cruise Service-ruta vere nede på sin andre tur for dagen – og ta dei vidare til Ålesund, der dei kan anløpe i 15.30-tida.
– Då kan ein reise Ålesund-Bergen – eller motsett – på rundt 7,5 timar, fortel Molvær.

Les også

:

Fekk løyve til Ålesund-Stad-rute:


Eg trur at dette kan knyte oss i hop her på søre Sunnmøre

Publisert: 18.06.2020 17:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58