Torsdag denne veka er det klart for årets IDC-konferanse på Løvenvold Theater i Ålesund.
IDC står for «innovation», «design» og «collaboration» og er ein konferanse som har samla industridesignmiljøet årleg sidan 2018.
I år blir konferansen leia av NRK-profilen Mona B. Riise og tema er leiarskap og innovasjonsprosessar.
– Det trur vi er relevant for alle innan industridesign, uavhengig av kva rolle eller oppgåve dei har i ei bedrift, seier Kathrine Synnes Finnskog til Nett No.
Les også
Ho er prosjektleder for IDC og daglig leder for Løvenvold Theater. Tradisjonen tro blir det delt ut priser i fleire ulike kategoriar (sjå liste under).
Nytt av året er at det blir delt ut ein heiderspris til ein person som har hatt betydelege bidrag på fagfeltet over tid.
Vurderer fleire tilbod gjennom året
I tillegg til at konferansen i år har flytta frå Giske til sentrum av Ålesund, blir det vurdert fleire endringar framover.
– Samtaler med bedriftene i industridesignmiljøet har peika oss i retning av å utvide med tilbod gjennom året, og vi er i ein dialog om dette med fleire, også DogA (stiftinga for design og arkitektur i Norge, journ. anm.), seier ho til Nett No.
Finnskog fortel at fleire har etterlyst sjansen til å få fagleg påfyll i nærmiljøet andre delar av året. Det kan vere seg kurs eller andre aktivitetar.
– Vi vil vurdere ei slik løysing og høyre vidare kven som kan hjelpe oss med å løyse dette, og kva for tilbod bransjen ønsker seg, seier ho.
Ikkje studentbesøk i år
Tidlegare har studentar frå mellom anna Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo kome til Sunnmøre under konferansen.
Det skjer ikkje i år. Ein del av årsaka er mangel på fylkeskommunale midlar til å finansiere eit slikt opplegg. Samtidig har NTNU eit opplegg der studentane besøker bedriftene i regionen elles i året.
– Men studentene fra relevante faglinjer er invitert av oss til å delta, og det håper eg jo dei slår til på, legg Finnskog til.
Meir tid til å bygge nettverk
Meir tid saman for deltakarar og alle andre involvert på konferansen, blir også prioritert.
– Vi vil at deltakarane våre skal få sjansen til å bygge nettverk med dei som kjem til konferansen for å halde foredrag, og andre inviterte gjestar, seier Finnskog.
Difor blir det arrangert nettverksmiddag på kvelden med tilhøyrande prisutdeling.
– Det å mingle og få tid til å snakke saman er ein viktig del av opplegget. Også får vi samtidig vist fram dei sterke bedriftene og fine folka deira, legg ho til.
Blant årets foredragsholdere er Paal Fure, Cecilie Lyng, Stefan Ytterborn og Rama Gheerawo.
Sjå foredragsholdarane (ekstern lenke)
Dei nominerte til årets IDC Awards
Årets industridesign
- RUFO
- Tomra Engineering for Coastern 28H
- Maritime Partner
Årets nyskaping:
- Regatta for Safelock
- OSC for Sandbox
- 3D-Knitting & Technology
Årets Teamwork:
- AxTech
- Aidency
- CYAN Energy
Bærekraftsprisen:
- Exotek for Exoquad
- Alotta (tidl. Inseanergy)
- Vard for Ocean Charger
Årets internasjonale hit:
- Jets
- Glamox
- Stokke for Snoozi
Publisert: 14.10.2024 13:59
Sist oppdatert: 14.10.2024 13:59