Øystein Vikingsen Fauske 003
VIL KJØPE MEIR: Wattn-sjef Øystein Vikingsen Fauske har planar om å ytterlegare vekst, etter å ha kjøpt kraftsalselskap i Hordaland.
Nytt

Wattn kjøper seg inn i Hordaland

Overtek Vestlandsenergi i Kvinnherad, med 8000 kundar. Skal kjøpe meir.

21.02.2022

Straumsal-selskapet Wattn kjøper Vestlandsenergi frå Eviny (tidlegare BKK).

Tafjord, Sogn og Fjordane Energi og Tussa gjekk i 2020 saman om eit felles selskap for sal av kraft. Etterpå har også Sognekraft slutta seg til, og målet er å bli ein stor aktør i kraftmarknaden.

Kvar for seg var selskapa for små, seier administrerande direktør Øystein Vikingsen Fauske i Wattn. No har det fått ein storleik som gjer at det kan konkurrere med dei største, men Wattn har ikkje tenkt å stoppe med oppkjøpet av Vestlandsenergi.

- Vi er ute etter å vekse, seier Vikingsen Fauske om planen etter kjøpet av Vestlandsenergi.

Han vil ikkje opplyse kva Wattn betalar for Vestlandsenergi.

110.000 kundar
Vestlandsenergi har 8000 kundar og selde kraft for 100 millionar kroner i fjor.

Medrekna Vestlandsenergi har Wattn no omlag 110.000 kundar og sel kraft for 1,5 milliardar kroner i året.

Kjerneområdet er Sunnmøre til Sogn, og med kjøpet av Vestlandsenergi får Watten eit fotfeste i Hordaland.

Vestlandsenergi har tre tilsette, som skal bli med over i Wattn.

Publisert: 21.02.2022 12:32

Sist oppdatert: 21.02.2022 12:55