Britt Tosse Aandal Nils Eirik Wenaas foto Ogne
NEST BESTE NOKON GONG: Økonomiansvarleg Britt Tøsse Aandal og daglig leiar Nils Wenaas i Wenaas Eftf. fekk det nest beste resultatet nokon gong i 2024. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Wenaas trefte med investeringane 

Solid avkastning frå finansporteføljen ga nest beste resultat nokon gong.

Marius Rosbach
22.05.2025

Årsrekneskapen til Wenaas Eftf. viser at 2024 var eit nytt godt år for investeringane til konsernet. 

Finansinntekter på nær 165 millionar trekk opp resultatet før skatt til heile 168 millionar kroner, viser rekneskapen for fjoråret (sjå tabell under). 

– Det er klart vi er fornøgde med det neste beste resultatet i selskapet si historie. Det kjem som eit resultat av at vi har bygd mykje over lang tid, og at finansporteføljen bidrog godt, seier dagleg leiar Nils Eirik Wenaas til Nett No. 

Rekninga til formuesskatten er årsaka til at det blir teke eit rekordstort utbytte på 29 millionar kroner etter fjoråret. Wenaas seier han er komfortabel med utbyttenivået, men legg til at han «likar det ikkje». 

Wenaas Eftf. as (konsern)  
Tal i mill. kroner20232023
Driftsinntekt153,5138,3
Driftsresultat5235,3
Resultat før skatt168146,8

Satsar meir på finansinvesteringar
Eigedom er eigentleg hovudverksemda til konsernet med adresse i Måndalen i Rauma. 

Dei siste åra har dei óg satsa meir på investeringar i verdipapir, der kring 60 prosent er i bank- og finansaksjar.

– Det gjekk relativt greitt på brei front i fjor. Vi har nokre posisjonar som vi har hatt over lang tid, og som gjekk veldig bra i fjor – spesielt på finansaksjar, seier Wenaas. 

Vi har nokre posisjonar som vi har hatt over lang tid, og som gjekk veldig bra i fjor
Nils Eirik Wenaas

Avkastning på nær 21 prosent i fjor
Wenaas fortel at konsernet hadde ei avkastning på finansporteføljen på nær 21 prosent i fjor. Dei ti siste åra har avkastinga vore på 14,3 prosent. 

– Det tenker vi at vi skal klare framover også, men det er klart det kan oppstå store svingningar. I finansdelen av verksemda likar vi helst å måle resultata i minst eit fem-årsperspektiv, seier Wenaas. 

I år har det mildt sagt vore meir uroleg i aksjemarknaden. 

Wenaas fortel at dei ikkje har vore veldig aktive, men at dei har «fylt på litt på dippen» - som betyr at dei har kjøpt seg inn på låge prisar etter kursfall - med ei forventing om auke etterpå. 

Angrar på at dei ikkje batt renta
Når det kjem til eigedomsdelen av verksemda, er Wenaas ope om at dei burde ha bunde meir av rentene. 

– Det er den største utgifta vår no. Om vi skulle ha gjort noko annleis, må det vere at vi hadde bunde renta på eit lågare nivå. Då hadde driftsresultatet herifrå bidrege meir, legg han til. 

Mykje av inntektene til konsernet kjem samtidig ikkje fram i rekneskapen fordi dei kjem frå selskap som ikkje er konsolidert inn.

Vurderer fleire kjøp av bygg
Wenaas Eftf.-konsernet står mellom anna bak utbygginga av Digerneset Næringspark. Her er det i løpet av drygt ti år utvikla eit stort nærings og handelssenter med fleire store kjedeaktørar og tilhøyrande logistikk- og servicetilbod. 

– Vi er ferdige med logistikkterminalen til Veøy og jobbar med å ferdigstille eit nytt vaskeri for Nor Tekstil, seier Wenaas.

Han legg til at dei både jobbar med nye leigetakarar og vurderer kjøp av fleire bygg. 

Har bygd solid eigenkapital 
Mot slutten av fjoråret kjøpte konsernet den tidlegare Byggtorget-eigedomen på nordsida av Digerneset Næringspark. Nyleg har dei óg sikra seg eit nytt bygg i Rauma som er utleigd til Montér-kjeda.

Eit leilegheitskompleks med 80 bustader på Klipra i Ålesund er eit anna prosjekt konsernet jobbar med på eigedomssida. Her håpar dei å sette spaden i jorda i løpet av året, ifølgje Wenaas.  

Eigenkapitalen i Wenaas Eftf. var på drygt 1,4 milliardar kroner ved utløpet av fjoråret, ifølgje konsernrekneskapen. Den verdijusterte eigenkapitalen er anslått til kring 2,3 milliardar. Med andre ord har konsernet betydelege musklar til å gjere nye investeringar. Den langsiktige gjelda var på kring 523 millionar. 

Publisert: 22.05.2025 05:00

Sist oppdatert: 22.05.2025 12:07

Mer om