Gulating Lagmannsrett har ikkje hatt ei ankesak gåande i krillskip-striden, men to.
Den første, som Nett No allereie har skrive om, handla om krillfiske-selskapet Rimfrost sitt krav om innsyn i korrespondansen mellom DNB og Westcon-selskapet som var Rimfrost sin kontraktsmotpart. Den gjekk i det vesentlege i Rimfrost sin favør.
I den andre saka gjekk det derimot motsett.
Der vart det Westcon som vann fram med krav om at Rimfrost - med Stig Remøy som storaksjonær - må legge fram informasjon.
Peikar på kvarandre
Begge rettsakene har same utgangspunkt, kanselleringa av kontrakten om å levere fabrikkskipet for krillfiske i Sydishavet, som Rimfrost hadde bestilt hos Westcon.
Skipet skulle byggast hos Tersan Shipyard i Tyrkia, og fullførast hos Westcon i Noreg - som mellom anna skulle sette inn fabrikken ombord, før overlevering.
I staden for å vere i fiske frå 2022, som var den opphavlege planen, vart det forseinkingar og til slutt kansellering av kontrakten.
Begge partar peikar på kvarandre som årsak til kanselleringa, ifølgje kjennelsen. Rimfrost meiner Westcon kom med urimelege krav om ekstra betaling basert på urealistiske og udokumenterte kostnadsoverslag. Verftet argumenterer med at Rimfrost ikkje kunne dokumentere at selskapet hadde naudsynt finansiering og seinare ikkje gjorde opp for seg.
Les også
Partane hadde på førehand avtalt at eventuelle tvistar til dømes rundt oppgjer ved ved kansellering, skulle avgjerast ved voldgift, ein privat rettsaksliknande tvisteløysingmetode.
Kva bevis partane skal få legge fram i voldgiftsaka vart dei heller ikkje samde om, og voldgiftsretten avgjorde at den striden kunne dei gå til det offentlege rettsapparatet for å få avgjort.
Må dokumentere finansiering
Kjennelsen i lagmannsretten er i stor grad lik med kva tingretten kom til.
Westcon får medhald i at Rimfrost må legge fram informasjon, mellom anna om kva alternative tilbod Rimfrost hadde for å få bygd ferdig fartøyet ved Ulstein, Vard eller Myklebust Verft.
Rimfrost må óg legge fram korrespondansen med leverandørar om kostnadane, og dokumentasjon om finansiering, potensiell refinansiering og eventuelle forpliktingar frå aksjonærane om å skyte inn meir kapital i Rimfrost.
Westcon skal samtidig få utlevert all korrespondanse mellom Rimfrost og Tersan Shipyard om framdriftsrapportering og teknisk tilstand til skroget.
I saka mellom DNB og Rimfrost vart DNB pålagt å dekke Rimfrost sine sakskostnadar. I saka mellom Rimfrost og Westcon må begge partar dekke sine eigne sakskostnadar.
Utsett voldgiftsak
Både kjennelsen i saka mellom DNB og Rimfrost, og saka mellom Rimfrost og Westcon, kan ankast til høgsterett. Ankefristen er ei veke, som betyr at partane allereie neste veke må ha bestemt seg for kva dei skal gjere.
Kommunikasjonsrådgivar Vidar Korsberg Dalsbø i DNB seier i ein e-post at banken vil bruke tida fram til ankefristen til å gjennomgå kjennelsen grundig, og at det er for tidleg å svare på om banken vil anke.
Blir det anke, er det ikkje sannsynleg at voldgiftsaka som skal avgjere det striden eigentleg står om, kjem opp i haust.
Blir det ikkje anke, vil partane og advokatane deira uansett bruke tid på å vurdere det ny bevismaterialet dei får på bordet.
Planen var å kome i gang med voldgiftsaka i oktober. Den planene er allereie endra og saka utsett på ny.
Og skipet striden handlar om?
Publisert: 19.09.2025 14:51
Sist oppdatert: 19.09.2025 14:51






