Forseinka frå verftet i Tyrkia
Stig Remøy er overtydd om at fangst- og produksjonsmetoden til krilltrålaren som snart kjem til Norge, overgår alt anna.
Under den tradisjonsrike julemiddagen til Fosnavåg Shippingklubb måndag fekk gjestane høyre om Stig Remøy og Rimfrost sitt nye fartøy Jan Mayen.
Krilltrålaren er under bygging ved Tersan-verftet i Tyrkia og skal etterpå bli utrusta ved Westcon-verftet i Florø. Skroget som etter planen skulle vore på slep til Norge i september, ligg framleis til kai ved verftet.
- Snart, er det mest presise svaret reiaren sjølv gir til NETT NO på spørsmål om kva tid skroget vil forlate verftet.
Han fortel at det framleis blir gjort testar ved verftet, men at skroget i løpet av kort tid vil starte ferden mot Norge.
Skal bruke mindre biomasse
Sett vekk frå nokre månader forseinking, ser det meste no lyst ut for
krillsatsinga, fortalde Remøy. Om bord på den nye krilltrålaren skal
krillen bli til helsekostprodukt og kosttilskott.
- Ingen andre har laga slike produkt, sa reiaren om metoden dei har utvikla gjennom årevis med forsking og utvikling.
Ein av fordelane ved Rimfrost sine krillprodukt er ein hydroloseprosess, som gjer at dei held på væsken i råvaren.
Det skal gjere kvaliteten betre - og ikkje minst kan dei bruke mindre biomasse i produksjonen. Samtidig skal det nye skipet vere mellom det mest miljøvenlege skipet i dette fiskeriet.
- Smakar som krabbe
Remøy viste til undersøkingar som konkluderte med at laks som var fôra
på Rimfrost-krill hadde langt betre vekst enn ved konvensjonell fôring.
Målet for Herøy-reiarlaget er krillolje som helsekostprodukt og
kosttilskott til mennesker.
- Alt dette kan du spise og det er helsekost i alt, sa Remøy og viste korleis dei tek vare på ulike delar av krillen for ulike formål.
- Det smakar som krabbe, la han til om eigne smaksopplevingar av råvarene.
Ny fangstmetode
Rimfrost-reiarlaget har ikkje vore ute på fiske med eigen båt sidan 2016, og framleis sel dei av lageret dei har frå den gong.
- Vi har selt for over ein milliard, og vi skal framleis selje for nokre hundre millionar, sa Remøy.
Frå neste år skal det nye fartøyet vere i gong med nytt fiske i Antarktis.
Remøy fortalde korleis fangstmetoden på nye «Jan Mayen» skil seg frå tradisjonelt krillfiske der fangsten blir teke inn via luker på sida av skipet.
I staden skal Rimfrost-skipet ta inn fangsten via luker i akterskipet. Bommar akterut skal gjere at dei må bruke mindre energi i fisket.
Les også
Prislapp på over éin milliard
Det 120 meter lange krillskipet er designa av Kongsberg Maritime.
Skroget blei sjøsett november i fjor og blei testa utanfor verftet
seinast i august.
Prislappen er på over éin milliard kroner og ulike
utstyrsleverandørar får oppdrag for nærare ein halv milliard kroner. Mellom anna er fabrikken om bord levert frå MMC First Process.
Om
bord blir det plass til ei besetning på kring 60 personar. Rimfrost har opsjon på eit fartøy til.
Publisert: 06.12.2022 09:49
Sist oppdatert: 06.12.2022 09:49