Westing med lukrativ tiårsavtale
Målingsprodusenten anslår salsverdien til ein milliard kroner.
Herøy-selskapet Westing er store på skipsmåling. I 2014 vart selskapet eksklusiv distributør for International marine maling i Norge, og i 2021 tilsvarande for Danmark. No er avtalen forlenga med ti år, opplyser Westing i ei pressemelding.
- Avtalen med Akzonobel opna for nye marknader og eit større nedslagsfelt for Westing i 2014. Samarbeidsmodellen mellom Westing og Akzonobel har fungert særs godt, og Westing sin rolle som nasjonal aktør og International marine måling sin representant i Norge, og etter kvart Danmark, har vore ein stor suksess.
Arbeidet med avtalen har pågått det siste halvåret.
Westing anslår at salsverdien av avtalen vil kunne utgjere cirka ein milliard kroner.
- Vi har gradvis tatt større markedsandelar og utvikla oss til å bli den største distributøren til Akzonobel i Europa. No ser vi fram til vidare godt samarbeid med verdas største målingsprodusent i ryggen, seier konsernleiar i Teigegruppen, Sigurd Teige, i meldinga.
Publisert: 27.04.2023 21:20
Sist oppdatert: 28.04.2023 00:25