- Vi reknar med å gå frå 18 til 40-50 årsverk, og samstundes auka omsetninga frå 50-60 millionar kroner til rundt 200, seier styreleiar og hovedaksjonær Sigurd Teige i Westing.
Teige seier at selskapet måtte sjå seg om etter ein ny partner då Jotun sa opp avtalen.
- Vi har hatt møte med alle dei store aktørane, men er veldig glade for at vi til slutt landa ein kontrakt med International, som er eigd av AkzoNobel, verdas største målingsleverandør.
- For oss passar dette samarbeidet med International perfekt i forhold til våre eigne planar for ekspansjon og vekst, seier Teige.
- Vi vert ein eksklusiv representant på skipsmåling, seier Teige.
Teige seier at hovedkontoret vil framleis ligge i Herøy, men at det vert utvidingar og nyetableringar fleire andre stader i landet, mellom anna i Bergen, Stavanger og Trondheim.
- Vi forventar stor vekst, men hovedlageret til International vil som før liggje ved Digernesskiftet.
- For oss er Westing ein svært god partner, spesielt ettersom dei maritime kundane stiller strenge krav til alt frå miljø til kvalitet og service.
Han seier også at den geografiske plasseringa var viktig.
- Westing er plassert midt i det som er den største og mest avanserte maritime marknaden i Norge, seier han.
- Vi reknar den norske kystmarknaden for skipsmåling for å liggje på rundt 500 millionar kroner. I dag har vi 35-40 prosent av denne marknaden.
AkzoNobel har hovedkontor i Amsterdam, og har over 50.000 tilsette globalt. Innanfor den maritime delen er det vel 5.000 tilsette. I Norge har selskapet 150 tilsette.
Westing vart etablert i 1981, og har hovedkontor på Eggesbønes i Herøy, samt avdelingskontor i Trondheim.
Teige seier at selskapet måtte sjå seg om etter ein ny partner då Jotun sa opp avtalen.
- Vi har hatt møte med alle dei store aktørane, men er veldig glade for at vi til slutt landa ein kontrakt med International, som er eigd av AkzoNobel, verdas største målingsleverandør.
Mellomavtale til november
Avtalen mellom partane trer formelt ikkje i kraft før i november, når Westing sin avtale med Jotun går ut. Men det Sigurd Teige-kontrollerte selskapet Kaston har inngått avtale med selskapet Norwegian Paint om å handtere avtalen med International fram til november.- For oss passar dette samarbeidet med International perfekt i forhold til våre eigne planar for ekspansjon og vekst, seier Teige.
Eksklusiv
Avtalen inneber at Westing går frå å vere ein regional aktør innanfor skipsmåling til å få ansvaret for heile den norske skipsmålingsmarknaden på vegne av International.- Vi vert ein eksklusiv representant på skipsmåling, seier Teige.
Vekst
Selskapet vil saman med International få ansvaret for alt logistikk-, sals-, lager- og servicesystem etter ein heilt ny modell.Teige seier at hovedkontoret vil framleis ligge i Herøy, men at det vert utvidingar og nyetableringar fleire andre stader i landet, mellom anna i Bergen, Stavanger og Trondheim.
- Vi forventar stor vekst, men hovedlageret til International vil som før liggje ved Digernesskiftet.
Avanserte kundar
John Knutsen, leiar for den nordiske regionen for International, seier at selskapet var på utkik etter ein partner som hadde gode kontakter inn mot verfts- og offshoremiljø.- For oss er Westing ein svært god partner, spesielt ettersom dei maritime kundane stiller strenge krav til alt frå miljø til kvalitet og service.
Han seier også at den geografiske plasseringa var viktig.
- Westing er plassert midt i det som er den største og mest avanserte maritime marknaden i Norge, seier han.
Stor aktør
Han reknar den norske marknaden for skipsmåling til å liggje mellom 1,5 og 2,0 milliardar kroner årleg, inkludert det som norske reiarar bestiller i utlandet.- Vi reknar den norske kystmarknaden for skipsmåling for å liggje på rundt 500 millionar kroner. I dag har vi 35-40 prosent av denne marknaden.
AkzoNobel har hovedkontor i Amsterdam, og har over 50.000 tilsette globalt. Innanfor den maritime delen er det vel 5.000 tilsette. I Norge har selskapet 150 tilsette.
Westing vart etablert i 1981, og har hovedkontor på Eggesbønes i Herøy, samt avdelingskontor i Trondheim.
Publisert: 10.01.2014 06:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30