Wideroee inngaar samarbeid med KLM
SAMARBEID: Widerøe med samarbeid med KLM.
Nytt

Widerøe inngår samarbeid med KLM

Widerøe-kundar får tilgang til nesten heile verda. 

21.02.2018
NPK-NTB-NETT NO: Ein avtale mellom Widerøe og KLM, sikrar kundane til den nederlandske giganten tilgang til distrikts-Noreg.
Avtalen inneber at både KLMs og Widerøes kundar heretter kan fly med begge selskapa på same booking, skriv Widerøe i ei pressemelding onsdag.
– Med denne avtalen vil Widerøes destinasjonar bli marknadsført av ein av dei sterkaste merkevarene i Europa. Dette er gode nyheiter for oss som ønsker å vidareutvikle reiselivsnæringa i Noreg, seier direktør Christian Skaug i Network & Pricing i Widerøe.
– Det nye samarbeidet vil gi reisande – og spesielt pendlarar som bur i utkantstrøk rundt i Noreg, ein heilt ny tilgang til KLMs internasjonale nettverk av flyruter, seier dagleg leiar Paul Terstegge i Air France KLM Norge i meldinga.

Hovden og Sandane

Samarbeidet starta 5. mars og vil i utgangspunktet gjelde for 18 av dei 42 lufthamnene i Noreg som Widerøe flyg frå.
Mellom anna gjeld det alle ruter frå Sandane og Ørsta/Volda til Oslo og Bergen.
Les meir
Avtalen kan utvidast i framtida, skriv Widerøe.

Publisert: 21.02.2018 12:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18