Skroget til eit kabelskip Ulstein Verft skal levere til Nexans, kom laurdag kveld til verftet.
Slepet kom inn Breisundet ved 19-tida før det blei slept innover Ulsteinfjorden til verftet.
Skipet er teikna av skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund og er ein oppdatert versjon av Nexans Aurora, som vart levert frå Ulstein Verft i 2021.
Verdien på kontrakten er ikkje opplyst, men ligg langt over milliarden – og kanskje to.

Les også
Oppdraget har allereie gitt betydeleg arbeid for skipsdesignarane i Skipsteknisk i Ålesund. Ein rekke lokale leverandørar har også leveransar om bord, som Hareid Group, Brunvoll, Hydroniq Coolers og Blue Ctrl i Ålesund.
Skipet skal transportere og legge av ulike typar sjøkablar, inkludert kabelbunting, og gjenopphenting og reparasjon av desse.
Det polske skipsverftet Crist har bygd skroget som no skal bli utrusta ved Ulstein Verft. Tidlegare er det opplyst at fartøyet skal vere ferdig våren 2026.
Publisert: 05.07.2025 19:46
Sist oppdatert: 05.07.2025 19:46






