World Wide Supply mislegheld gjelda
40 MILLIONAR: Bodet på World Wide Supply frå ei gruppe obligasjonslångivarar verdset kvart farty til rundt 40 millionar kroner. Her er to World Wide supply-skip i opplag i Ålesund.
Nytt

World Wide Supply mislegheld gjelda

World Wide Supply blei berga frå konkurs i desember 2015 av långivarar som lånte selskapet pengar til 18 prosent rente. No kan ikkje selskapet betale. Ei ny gruppe obligasjonseigarar vil ta over.

03.04.2017
44 aksjonærane i World Wide Supply (WWS) - mange med adresse på Nordvestlandet - kasta korta og overlet selskapet til eigarane av eit obligasjonslån på rundt 1,3 milliardar kroner i desember i fjor.
Av ei investering på 394 millionar fekk dei 15 att.

18 prosent rente

Ei gruppe obligasjonslångivarar lånte World Wide Supply mellom fem og 20 millionar dollar til 18 prosent rente for å halde selskapet flytande gjennom krisa.

Rente skulle betalast kvart halvår.
Den siste utbetalinga var 26. august, og selskapet er også i brot med andre lånevikår går det fram av børsmeldinga World Wide Supply har sendt ut i dag.

Alle i opplag

Då obligasjonseigarane tok over i første runde i desember i fjor låg fire av dei seks plattformforsyningsskipa i reiarlaget i opplag. No ligg alle i opplag etter at dei to siste vart kasta ut av oppdraga sine i Brasil.

No krev ei gruppe som ei 60,7 prosent av obligasjonslånet i selskapet at dei seks skipa blir selde til ein nytt selskap, registret på Cayman Island. Prisen skal over 27,5 millionar dollar for alle seks skipa til saman.
Forslagstillarane inviterer resten av obligasjonslångivarane til å bli medeigar i det nye selskapet.

Meir enn halvert verdi

Tilbodet frå obligasjonseigargruppa er vesentleg lavare enn World Wide Supply vurderte skipsverdiane til i mars i år. Selskapet skreiv ned verdien på skipa med over 700 millionar kroner, og sette ein pris på 10 millionar dollar per farty.

Med den nye bodet blir kvart farty verdsett til 4,6 millionar dollar, cirka 40 millionar kroner.

Publisert: 03.04.2017 12:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04