Per Gunnar Saetre elektro Orsta vgs foto Marius
ØRSTA: Lærar Per Gunnar Sætre då Nett No var på besøk på første skuledag for automasjonsklassa ved Ørsta vidaregåande skule i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Yrkesfaga er mest populære

Andelen elevar som søkjer yrkesfag i Møre og Romsdal er over 60 prosent for andre år på rad.

06.03.2025

Søkjartatistikken til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal viser at 63 prosent av søkjarane har ei yrkesfagutdanning på topp. 

Til skuleåret 2024/2025 var andelen 65 prosent. I 2017 var fordelinga omlag 50/50 mellom elevar som søkte yrkesfagutdanning og såkalla studiespesialisering. 

Etter det har yrkesfagutdanninga vunne terreng, sjølv om enn det til komande skuleår er ei lita auke i andelen som søkjer studiespesialisering. 

I alt har 3942 ungdomsskuleelevar søkt om plass på vidaregåande skule i Møre og Romsdal til hausten. 

Det er ein auke på 136 elevar - fire prosent - sidan førre skuleår, ifølgje ei melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Teknologi,helse og elektro
Tre yrkesfaglege utdanningar skil seg ut som dei mest ettertrakta, målt etter søkjartal. Det er (søkjartal i parantes):

  • Teknologi og industrifag (639)
  • Helse og oppvekstfag (552)
  • Elektro og datateknologi (421)

På fjerdeplass kjem naturbruk (251). Den minst søkte yrkesfaglege utdanninga er handverk, design og produktutviklng, med 26 søkjarar. 

Færrast søkjarar har studieretninga medier og kommunikasjon, med berre ni søkjarar. Det er ei studieretning som er klassifisert som studiespesialiserande.

Store kjønnskilnadar
Det er til dels store skilnadar mellom kva gutar og jenter søkjer på.

Jamnast kjønnsfordeling er det for restaurant- og matfagutdanninga med 51 prosent jenter og 49 prosent gutar. 

Størst skilnad er det i desse utdanningane: 

  • Helse og oppvekstfag, 91 prosent jenter/9 prosent gutar
  • Elektro og datateknologiutdanninga, 10 prosent jenter/90 prosent gutar.
  • Frisør, blomsterdekoratø, interiørdesign, 88 prosent jenter, 12 prosent gutar.
  • Bygg og anleggsteknikk, 13 prosent jenter/87 prosent gutar.
  • Teknologi og industrifag, 15 prosent jenter, 85 prosent gutar.

Færre søkjarar
I eit innlegg i Nett No  i februar i år skreiv fylkeskommunedirektør Toril Hovdenakk  og næringsdirektør Eirik Brekken i Møre og Romsdal at fylkeskommunen ventar stor nedgang i søkjartalet til vidaregåande utdanning framover. 

Fram til 2040 venter dei at talet på elevar i dei vidaregåande skulane i fylket vil gå ned frå omlag 9000 til 7300.

Den kraftige nedgangen gjer det heilt nødvendig å sjå nærare på antal skular og utdanningane vi tilbyr, skreiv dei i innlegget (sjå lenke til innlegget over).

Publisert: 06.03.2025 09:42

Sist oppdatert: 06.03.2025 09:45

Mer om