Denne veka har ein rekke foreldre og elevar i Hareid vore på besøk ute hos bedrifter i lokalmiljøet. Målet er at dei unge skal få vite meir om arbeidslivet hos bedrifter der dei bur – og på sikt auke rekrutteringa av lokal ungdom.
«Mødre på bedriftsbesøk» er opplegget kalla, men det var også ein del fedrar med då Nett No blei med på besøk til Hareid Group og Ulmatec-konsernet.
– Eg synest dette er veldig spennande. Sjølv om vi bur her og det er bedrifter i lokalmiljøet vårt, er det interessant å sjå kor mange ulike arbeidsplassar som finst i ei bedrift, seier Isabell Lillebø til Nett No.

– Veldig, veldig kjekt
Ho hadde med sonen Kendrik, som synest opplegget var «litt spennande». Men kva han har lyst til å jobbe med som vaksen, har han førebels ikkje konkrete tankar om.
Ved Hareid Group fekk dei mellom anna høyre at sjølv om kunnskap om elektroinstallasjon er sentralt i bedrifta, trengst også ei rekke andre yrkesgrupper for å halde alle hjula i gong i selskapet.
– Både for meg som mor og for han som elev, er det artig å sjå kor mange andre yrkesgrupper som er i det same bygget. Slike ting kan vi ta med oss når vi skal snakke om framtida. Eg synest dette var veldig, veldig kjekt, legg Lillebø til.
Forsking viser at mødrer påverkar mest
Bakgrunnen for opplegget er at forsking viser at mødre er dei som påverkar unge mest i val av yrkesretning.
Kendrik er usikker på kven som vil påverke yrkesvalet hans mest framover, men forsikrar at han høyrer på foreldra sine meiningar.
– Eg trur også mange lar seg påverke av kva venar gjer, og at det er ein tryggleik for mange. Likevel trur eg nok ei mor vil ha vel så stor påverknadskraft som ein rådgivar. Eg ser føre meg at dette gjere det enklare for oss foreldre å «så nokre frø» og sette i gong tankeprosessar framover, seier mor Lillebø.

Tek inn unge i praksisarbeid og sommarjobb
HR-sjef Silje Grimstad Tvedt i Hareid Group fortel at det er kjekt å treffe foreldre og elevar, og at ho gjerne held gjerne kontakt med unge som viser interesse for bedrifta.
Allereie under besøket torsdag fekk ho førespurnad om det var mogleg å få sommarjobb for unge. Det kunne ho svare ja til.
Konsernet tek både inn eit betydeleg tal lærlingar kvart år, i tillegg til at dei har elevar frå både ungdomsskulen og vidaregåande i praksisarbeid.
– Vi prioriterer dei som er nysgjerrige på faget, og mange blir hos oss i mange år, seier Tvedt.
Besøk resulterte i nytt besøk
HR-sjefen meiner opplegget med bedriftsbesøk med foreldre er nyttig. Ho trur mange blir overraska over mangfaldet i bedrifta.
– Vi er positive til alt som kan vere med å gi nokre ringverknader, for vi treng fleire folk. Det er ei god draghjelp og så er det behageleg å kunne vere med å presentere oss, samtidig som er det er nokon andre som legger til rette opplegget, seier Tvedt.
Prosjektleiar Christine Erdal i Vekst i Hareid sa seg nøgd etter første runde av opplegget. Samtidig påpeikar ho at dei hadde plass til fleire deltakarar.
– Det er også nokre positive synergiar som eg ikkje tenkte over før vi arrangerte dette opplegget. Det skjer gjerne spennande ting når folk møtast, seier Erdal.
Tidlegare i veka då bedriftsbesøket gjekk til HS Rise Bygg, enda det til eksempel opp med ein avtale om eit nytt besøk frå elevane ved bygg- og anleggsteknikk frå Herøy vidaregåande skule.
Publisert: 13.02.2026 05:00
Sist oppdatert: 13.02.2026 09:42






