Etter to veker med framlegging av anklager, lydopptak og anna bevismateriale frå Sveaas-leiren, var Solstad endeleg klare til å starte sitt innleiingsforedrag i Oslo Tingrett onsdag.
Grunnleggande sett handlar ueinigheita om kor vidt det var mogleg å finne andre, reelle molegheiter for å berge Solstad Offshore enn den Aker-redigerte restruktureringa som styret til slutt vedtok. Og i så tilfelle, ville dette gitt dei andre aksjonærane eit meir fordelaktig økonomisk utkome.
Tap eller ikke tap
– Eit stort spørsmål er om Solstad-aksjonærane har lidt eit økonomisk tap. Det er ei føresetnad for søksmålet, sa Solstad-styrets advokat Erlend W. Holstrøm frå advokatfirmaet Schjødt.
Aker og Solstad-styret meiner dei gjorde sitt beste for å berge selskapet på ein måte som tok vare på aksjonærane sine verdiar så godt som mogleg. Motparten Kistefos meiner minoritetsaksjonærane skulle fått like stor tilgang til å kjøpe aksjar som Aker.
– Til dette er det å seie at hvis skipa hadde ei reell verdsetting når dei vart selt, så har det ikkje påført saksøkarane noko tap.
Holstrøm peika også på at både Solstad-sjef Lars Peder Solstad og styreleiar Harald Espedal var i same båt som resten av minoritetsaksjonærane i selskapet, og dermed hadde like mykje å tape då dei gjekk inn for Aker-avtalen.
– Dei øvrige aksjonærane fekk også høve til å kjøpe nye aksjar for 750 milionar kroner. Dette var ikkje ein trøysteemisjon eller ein reparasjonsemisjon, slik den har blitt omtalt, men ein eigen transje for Solstads øvrige aksjonærar, sa advokaten.

Hastesak for styret
– Å forkaste Aker si løysing ville vore galskap. Nervøsiteten ville spredd seg raskt, og ein risikerte at det kom løysingar der nokon prøvde å sette selskapet i spel. Gjeldsinvestorar var allereie i ferd med å skaffe seg negativ kontroll i selskapet, sa Holstrøm i innleiingsforedraget.
Hovudoppgåva var å få på plass eit nytt lån for selskapets gjeld på over 13 milliarder kroner, ellers risikerte reiarlaget konkurs innan få veker.
– Utan det kunne eigarane skyte ei kvit pil etter all framtidig inntening, sa Holstrøm.
– Det stemmer ikkje - som Kistefos hevdar - at Solstad gjekk med milliardoverskot. Og heller ikkje at dei hadde betydeleg eigenkapital i 2021, slik motparten har hevda. Det hadde tvert imot negativ kontantstraum, som fall frå pluss 40 til minus 324 millioner kroner i 2022.
Avtalen som fiksa alt
Kistefos har vist til at fleire investorar var involvert i samtalar om å berge reiarlaget.
– Akers restruktureringsavtale skaffa Solstad eit nytt flåtelån på 9,7 milliarder og bidrog til å få inn fire milliarder i ny kapital, argumenterte Solstad-advokaten.
I tillegg fekk selskapet ei avklaring på den uavklarte krangelen rundt skipet Normand Maximus, det såkalla «Maximus-kravet».
Britiske AGC Wquity Partners hevda eigarskap til skipet, og hadde eit uavklart krav mot Solstad på 2,7 milliarder kroner inkludert renter. Dette eit stort hinder i samtalane for å finne løysingar med andre investorar.
– Aker-avtalen fiksar gjelda og eigenkapitalen, og gjorde at bankane kunne bli med på transaksjonen, sa Holstrøm.
– Vi skal ikke lure oss sjølve til å tru at det er noko anna enn Akers bidrag, deira industrielle posisjon og forbindelsar med DNB og Exfin, som tok den største eksponeringa og ga dei største garantiane i denne restruktureringa, la han til.
Publisert: 22.10.2025 17:36
Sist oppdatert: 22.10.2025 17:35






