Pressekonferanse korona ålesund august 2021 foto ålesund kommune
PRESSEKONFERANSE: Varaordførar Torbjørn Krogsæter i Ålesund leia pressekonferansen måndag kveld. Han understreka at kommunen sitt apparat var tynge som følgje av smitteutviklinga. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Ålesund og Sula strammar inn

Nye koronareglar frå tysdag. Skjerpar kontrollen med serveringsbransjen.

23.08.2021

(NPK-NTB): Ålesund kommune innfører munnbindpåbod der ein ikkje kan halde éin meters avstand. Folk blir rådd til ikkje å ha besøk av fleire enn ti personar i heimen.

Munnbindpåbodet kjem etter ein kraftig smitteauke i kommunen den siste tida, der spesielt unge vaksne og barn er ramma,

Den siste veka er det registrert rundt 80 smittetilfelle av covid-19. Det som er det høgaste smittetrykket i kommunen sidan pandemien starta, har lagt press på smittesporingsarbeidet, skriv kommunen i ei pressemelding måndag kveld.

Skjerpa kontroll med serveringsbransjen
Tilsette i serveringsbransjen blir oppmoda til å bruke munnbind på jobb, og kommunen vil intensivere smittekontrollane på serverings- og utestader. Gjester må òg bruke munnbind når dei bevegar seg i lokala.

– Smitten er knytt til private festar, utelivet, enkelte bedrifter og arbeidsfellesskap, og til innreise. Når smitten først kjem inn i ein familie eller tett sosial relasjon, blir mange smitta, særleg om folk ikkje følgjer smittevernreglane, seier varaordførar Vebjørn Krogsæter i Ålesund kommune.

Tilrådinga om å ha maks ti personar på besøk heime, blir vidareført. Det er unntak for fullvaksinerte.

Innstrammingane gjeld frå midnatt natt til tysdag.

Tre personar innlagt
Talet på innlagde på sjukehus i Helse Møre og Romsdal som følgje av korona, har vore langt lågare, enn før sommaren, men mndag steig talet til tre pasientar.

Den siste veka har det vore mellom ein og to personar som har vore innlagt med korona i helseforetaket.

Sjå pressekonferansen under

Publisert: 23.08.2021 21:55

Sist oppdatert: 23.08.2021 22:20

Mer om