Korona teststasjon foto ålesund kommune 11
BER FOLK TESTE SEG: Ålesund kommune oppmodar alle som har vore på Brooklyn Pub dei siste dagane, om å teste seg. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Ålesund-pub stengt etter smitte

Kommunen har fått fleire spørsmål etter dei oppmoda alle gjestar om å teste seg.

Marius Rosbach
26.07.2021

Smittesituasjonen i Ålesund har forandra seg i helga med ein rekke nye tilfelle av koronasmitte. Kommunen fekk søndag meldt inn åtte nye smittetilfelle.

Fem personar er knytte til eit utbrot med kjend smittekjelde. Blant dei fem, er det ein tilsett på Brooklyn pub.

Ber gjestar teste seg
I samråd med styreleiar ved puben er utestaden i Ålesund sentrum difor stengt inntil vidare, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Gjestar som har vore ved puben, blir bedne om å teste seg og vere oppmerksame på symptom.

- Vi ber om at alle som vore på Brooklyn onsdag 21. juli i tidsrommet frå 22.30 til stengetid teste seg så fort som mogleg og vere ekstra varsam på symptom, uttaler kommuneoverlege Victoria Guzenko Natvik i meldinga.

Første smittetilfelle førre veke
I etterkant av avgjerda fekk kommunen fleire spørsmål kring eit smittetilfelle som blei meldt onsdag førre veke.

Det dreia seg om ein gjest ved puben, men kommuneoverlegen påpeiker at ingen av dei tilsette då vart definerte som nærkontaktar.

– Det vart likevel vurdert som formålstenleg å anbefale dei tilsette som jobba på Brooklyn denne dagen om å teste seg. Ein tilsett fekk positivt svar på koronatest, seier Natvik.

Fleire smitta på trålar
Tre av dei åtte smittetilfella er mellom mannskapet på ein russisk trålar i Ålesund.

Fleire av mannskapet på 34 personar har vore smitta. Dei som har testa negativt, har fått tilbod om opphald ein anna stad.

– Smittesituasjonen i kommunen har i løpet av helga forandra seg. Det er mange nærkontaktar som er i smittekarantene. Vi har førebels ikkje fått kontroll over smittespreiinga frå det lokale utbrotet. Vi håper at alle hugsar at vi framleis er i ein pandemi, at vi må følge smittevernet med god handhygiene og avstand, legg Natvik til.

Publisert: 26.07.2021 09:03

Sist oppdatert: 26.07.2021 11:22

Mer om