Eva vinje aurdal 11
VURDERER TILTAK: - Ålesund kommune er no i en situasjon der vi vurderer å iverksette tiltak, seier ordførar Eva Vinje Aurdal. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kalla inn serverings- og treningssenterbransjen om smittevern

Ålesund vurderer nye tiltak etter fleire nye koronasmitta.

Marius Rosbach
24.04.2021

OPPDATERT MÅNDAG: Krisemøte i kommunen - vurderer nye tiltak

Ordførar Eva Vinje Aurdal er svært bekymra over den auka smitta og kjem med ei sterk oppmoding om at folk må ha få nærkontaktar, melder Ålesund kommune laurdag kveld.

Mellom anna vil kommunen søndag kalle inn alle serveringsstadar og treningssenter til to dialogmøte, for å få auka fokus på at dei må halde seg til smittevernreglane.

Laurdag har kommunen fått melding om 11 nye smittetilfelle:

  • To tilsette ved Tolboden testa positivt med hurtigtest fredag, desse har fått stadfesta smitta i dag.
  • Ytterlegare to tilsette ved Tolboden er stadfesta smitta, ein av dei er heimehøyrande i Giske kommune og smittesporing vert overført dit.
  • Ein person som har vore gjest ved Tolboden 17. og 19. april har testa positivt på koronavirus.
  • To personar som er nærkontaktar relatert til utbrotet ved Anno/Tolboden 17. april har testa positivt. Ein av desse er tilsett ved Lerstad skole. Ingen elever ved Lerstad skole har så langt testa positivt.
  • Ein person som har vore gjest på Anno har testa positivt.
  • Ein nær familiemedlem i karantene, relatert til utbrotet på Haramsøy, har testa positivt og er i isolasjon. Ingen elevar eller lærarar er så langt meldt smitta.
  • To personar i innreisekarantene har testa positivt og vert overført til isolasjon.

- Ålesund kommune er no i en situasjon der vi vurderer å iverksette tiltak, seier Aurdal i ei melding på kommunen si heimeside og legg til at kommunen vil vurdere nye lokale tiltak over helga.

Les meir om koronasituasjonen på heimesidene til Ålesund kommune (ekstern lenke)

Publisert: 24.04.2021 21:11

Sist oppdatert: 26.04.2021 09:06

Mer om