Bilde 2022 05 23 112852801
BIOGASS: Køretøy som går på biogass kan snart fylle på Åndalsnes. Illustrasjonsfoto: Enova
Nytt

Åndalsnes får fyllestasjon for biogass

Får 6,0 millionar kroner med Enova for å byggje ut.

23.05.2022

Enova har gitt selskapet Biogass Energi støtte på 6,0 millionar kroner for å byggje ut ein fyllestasjon for biogass på Åndalsnes.

Totalt støttar Enova 14 nye prosjekt over heile landet med totalt 83 millionar kroner, der Biogass Energi står for sju av anlegga.

Men heretter vert det opp til marknaden å byggje ut nye fyllestasjonar for biogass ettersom dette var siste gangen Enova gav støtte til stasjonar, blir det opplyst i ei pressemelding.

27 fyllestasjonar
I denne runda gav Enova også støtte til 120 nye biogasskøyretøy, ein støtte på totalt 21 millionar kroner.

Totalt er det no 27 fyllestasjonar for biogass i Norge.

Sidan den statlege satsinga på biogass starta i 2009, har det blitt betalt ut totalt 750 millionar kroner i støtte.

I perioden frå 2018 har 607 biogasskøyretøy fått støtte.

Kommersielle aktørar
Marknadssjef Gunnel Fottland i Enova opplyser at vidare utrulling av fylleinfrastruktur vil følgje marknaden for køyretøy.

I starten var det mest offentlege aktørar som sette opp denne typen fyllestasjonar.

- No ser vi at marknaden blir rive fram av kommersielle aktørar, seier ho.

Dette er med på å bryte ned barrierer, og skaper større etterspørsel av biogas
Espen Barth Eide

Ser positiv utvikling
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide uttalar i pressemeldinga at han glad for tilsagna om støtte.

- Når staten via Enova no støttar 14 nye fyllestasjoner over heile landet, i tillegg til 120 nye biogasskøretøy, betyr dette ein betydeleg styrking av infrastrukturen rundt biogass i Norge. Dette er med på å bryte ned barrierer, og skaper større etterspørsel av biogass.

- Vi ser no ei positiv utvikling i bruken av biogass i vegtrafikken i Norge. Energi fra biologiske ressurser som matavfall, husdyr og matproduksjon er sirkulær økonomi i praksis og kuttar utslepp av klimagasser, og er eit viktig satsingsområde for denne regjeringa.

Alternativ til nullutslepp
Fleire store aktørar, som Tine, har satsa på biogasskøyretøy.

Miljødirektoratet tilrår at det blir satsa på biogass der det er dårleg tilgang på nullutsleppsløysinhgar eller der dei er uforhaldsmessig dyre.

Les meir om tilrådingane frå direktoratet her.

Publisert: 23.05.2022 10:43

Sist oppdatert: 23.05.2022 14:19

Mer om