7 av 10 innbyggarar i fylket har under 50 meter til naboen
ÅLESUND: Stadig fleire bur i tettstader. Her Brosundet i Ålesund.
Synspunkt

7 av 10 innbyggarar i fylket har under 50 meter til naboen

Vi blir stadig meir urbane, og fleirtalet av oss har kort veg til nærmaste nabo. Tal frå SSB viser at ved inngangen til 2015  budde litt over 70 prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal i tettbygde strøk.

Etter SSB sin definisjon hadde Møre og Romsdal 85 tettstader i 2015. Utviklinga gjeld ikkje berre oss, statistikken viser ein tydeleg urbaniseringstendens i heile landet.

Stadig fleire bur i tettstader

Det har vore ein sterk auke i delen som bur i tettbygde strøk dei siste 20 åra. I 1995 budde 59,2 prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal i ein tettstad, i 2005 var dette auka til 67,2 prosent og i 2015 var delen 70,4 prosent. Fylket vårt er likevel blant dei som har relativt sett lågast del busette i tettbygde strøk. Berre fem fylke har ein mindre del i tettstader enn Møre og Romsdal. Vi er på linje med Nordland og Troms. For landet totalt sett er delen i tettstader passert 80 prosent.
Frå 2005 til 2015 var det ein auke på 21 126 personar som bur i tettbygde strøk i fylket, noko som utgjer ein vekst på 12,8 prosent. På landsbasis var denne auken 17,1 prosent.
Ser vi på endringa frå 2014 til 2015, var det ein auke på 2 124 personar (1,2 prosent) som bur i ein tettstad i Møre og Romsdal, medan talet som bur i strøk med spreidd busetnad, har gått ned med 91 personar.

Både menn og kvinner busett seg i tettstader

Det er framleis slik at fleire kvinner enn menn, vel å bu i by eller tettstad, men skilnaden er liten. 71,3 prosent av kvinnene i fylket og 69,5 prosent av mennene bur i tettbygde strøk i 2015. Den prosentvise endringa frå 2005 til 2015 er lik for begge kjønn, om lag tre prosentpoeng. På grunn av den skeive kjønnsbalansen i fylket, er det likevel fleire menn enn kvinner også i tettbygde strøk. Mannoverskotet er tre gonger større i strøk med spreidd busetnad.

Ålesund kommune har flest busette i tettstad

Ålesund er den kommunen i fylket som har størst del innbyggjarar i tett busetnad, heile 96,0 prosent bur i tettbygde strøk. Deretter kjem Sula kommune med ein tettstaddel på 93,2 prosent og Kristiansund kommune med 90,7 prosent. I Molde er denne delen 86,9 prosent.

Sterkast vekst i Aukra og Sande dei siste ti åra

Når ein busetnad oppfyller krava i tettstaddefinisjonen, ser vi at talet på personar i tettstader i ein kommune gjer eit hopp. Eit døme på det er Aukra kommune, der Hollingen no er komme med som tettstad. Eit anna døme er Sande kommune, der Haugsbygda har passert 200 personar og blir rekna som tettstad. Desse to kommunane har derfor hatt den sterkaste veksten i delen som bur i tettbygde strøk frå 2005 til 2015. Andre kommunar med over 20 prosent vekst i folkemengd i tettbygd strøk, er Ørskog, Fræna, Herøy og Surnadal.
28 av dei 36 kommunane i fylket hadde frå 2005 til 2015 vekst i talet på innbyggarar i tettbygde strøk. Til samanlikning hadde berre 23 kommunar vekst i folketalet totalt sett dei siste ti åra.

Befolkningsnedgangen i strøk med spreidd busetnad har stabilisert seg

For fylket samla, har det i løpet av dei siste ti åra vore ein nedgang i folketalet, i strøk med spreidd busetnad. Nedgangen er på 1,8 prosent, eller 1 421 personar. Dette er likevel ein mykje mindre nedgang enn vi såg frå 1995 til 2005. I denne perioden vart det 18 275 færre personar busett spreidd i fylket, noko som svarar til ein reduksjon på 18,9 prosent.

Tre kommunar utan tettstad

Fråflytting gjer at tettstader kan komme under 200 personar, eller at avstanden mellom bebudde hus aukar, og denne staden vil då bli rekna som eit område med spreidd busetnad. Dette skjedde med Sylte i Norddal, og kommunen har no ingen tettstader etter SSB sin definisjon. Det same gjeld for kommunane Smøla og Halsa.

Berre to tettstader kryssar kommunegrenser

To tettstader har vokse over kommunegrensa. Det er tettstaden Ålesund der 20,4 km² er i Ålesund kommune og 6,9 km² er i Sula kommune. Den andre er Dragsundet, der hovuddelen ligg i Herøy kommune, men har også ein liten del i Ulstein kommune.

Tettstadene har vorte meir kompakte

I 2005 utgjorde tettstadarealet i Møre og Romsdal 135 km² mot 126 km² i 2015. Trass i at 21 126 fleire er busette i tettstader i desse åra har likevel det samla arealet til tettstadene gått ned. Det inneber ei fortetting av eksisterande tettstader. Gjennomsnittstettleiken i fylket sine tettstader var i 2015 på 1 469 personar pr. km² mot 1 217 personar i 2005.
Molde var i 2015 den mest kompakte tettstaden i fylket med 2 282 innbyggarar pr. km². Tettstaden Kristiansund følger deretter med 2 275 innbyggarar pr. km2. Tettstaden Ålesund hadde 1 866 innbyggarar pr. km².

Konsekvensar for planlegginga

Denne tydelege samfunnsendringa der stadig fleire bur i tettstader, og at folk bur tettare i tettstadene, er ein viktig premiss for både fylkeskommunal og kommunal planlegging. Det blir ei stadig vanskelegare avveging mellom å imøtekomme nye behov i tettstadene der det bur flest, og samtidig sørge for tilbod som kan hindre ytterlegare fråflytting i grisgrendte strøk.

Publisert: 10.02.2016 22:26

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41