Ap- og Sp-makta i Oslo overkøyrer Vestlandet
Ingenting tyder på at Ap- og Sp-toppane i Oslo bryr seg om kva lokale Ap- og Sp-politikarar på Nordvestlandet seier om Stad Skipstunnel, skriv stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V)
Eg er redd Stad Skipstunnel-saka på nytt viser kor lite verdt kysten og Vestlandet er for dagens regjering, og at Ap og Sp sine lokale folk ikkje blir lytta til av dei som bestemmer i Oslo.
Det er sjølvsagt fint at Sp og Ap sine ordførarkandidatar i Stad, Sigurd Reksnes og Judith Kvåle, kan skryte i lokale media over at dei har hatt såkalla «konstruktive møte» med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og Fiskeriminister Bjørnar Skjæran. Men møte med makta hjelper lite når makta ikkje lyttar.
Sigurd Reksnes fortel til lokale media at hans hovudbodskap til Sp-leiar Vedum var at Stad Skipstunnel må lysast ut på anbod raskast råd, for å få vite den reelle kostnaden av prosjektet. Det er eit fornuftig krav. Problemet er berre at Sp-leiar Vedum avviser det blankt. Då Venstre nyleg spurde Vedum om det same som Sigurd Reksnes krev – å lyse Stad Skipstunnel raskt ut på anbod for å få vite den reelle kostnaden, svarte Vedum at «Gjennomføring av en anbudskonkurranse i denne størrelsesorden er en tid- og ressurskrevende prosess som vil ta inntil ett år», og at «..en slik anbudsprosess med nødvendig kvalitetssikring ikke kan gjennomføres uten at en ny sak er forelagt for Stortinget, med eventuelt forslag til justering av styrings- og kostnadsrammen.».
Eg vil våge meg på å tippe at Vedum ga det same negative svaret til Sigurd Reksnes i møtet som han har gitt skriftleg til Stortinget. Det er i alle fall påfallande at Sigurd Reksnes i si skryte-sak til lokalavisene berre refererer sitt eige spørsmål, ikkje kva Vedum svarte.
Ja, det er faktisk så gale at Sp og Ap sine folk ikkje ein gong har klart å formidle inn til sine folk nasjonalt kor mykje pengar og tid lokalt næringsliv og lokale kommunar allereie har brukt på å førebu seg til at Stad Skipstunnel skal kome. Då Venstre nyleg spurde Finansministeren om å få ei slik oversikt over lokal pengebruk, svarte Vedum at «Vi har ikke oversikt over hvor stor ressursbruk som har påløpt for disse kommunene eller eventuelle andre aktører i tilknytning til prosjektet.»
I neste «konstruktive møte» vil eg tipse Sigurd Reksnes og Judith Kvåle om i det minste å gi sine folk ei regjering innsikt i den store lokale ressursbruken på prosjektet, som regjeringa tydelegvis er heilt ukjend med.
Tilsvarande har Ap og Sp i Stortinget nylig saman med budsjettpartner SV nylig stemt aktivt ned eit forslag frå Frp og Venstre om at planleggingsarbeidet av Stad Skipstunnel skal halde fram. Ja, stadig meir tyder på at Ap og Sp i Oslo rett og slett er MOT realisering av Stad Skipstunnel – og berre vil halde Vestlandet i ande med «stort prat» til lokalvalet i september er over.
Så lettlurte må ikkje veljarane på Vestlandet og kysten vere. Vi veit frå før at Ap og Sp på Nordvestlandet ikkje blir lytta til i Oslo når viktige saker står på spel. Ap og Sp på Vestlandet sine krav knytt til Stad Skipstunnel blir så langt rett og slett blankt avvist av deira partifeller i Oslo – utan at dei sjølve fortel kva svar dei får i lokale media. Det er lite tillitsvekkande. Det må mykje meir til enn å ha «konstruktive møte» der ingen får vite kva svaret frå makta i Oslo var, for at veljarane ved lokalvalet skal kunne ha tillit til at Ap og Sp verkeleg har tenkt å realisere Stad Skipstunnel.
Publisert: 28.06.2023 08:30
Sist oppdatert: 28.06.2023 08:17