Fiskebåtar i Ålesund foto Ogne
Synspunkt

Auka avgifter bremsar teknologiutvikling

Mangedobling av C02-avgifta svekkar lønsemda og bremsar teknologiutvikling i fiskeflåten, skriv Audun Maråk og Kay Ove Hafsås i Fiskebåt.

Regjeringa har i samband med ny klimaplan varsla ei markant auke i CO2 – avgifta fram mot 2030. Denne kjem i tillegg til at kompensasjonsordninga utfasast framover, og samla sett vil det utgjere ei tidobling av CO2 - avgifta for fiskeflåten samanlikna med i dag.

Fiskebåt har sett på kva implikasjonar det vil kunne utgjere for driftsresultat, driftsmargin og drivstoffkostnadane dei neste ni åra. Som grunnlag for utrekningane har me tatt utgangspunkt i lønsemdsundersøkinga til Fiskeridirektoratet for perioden 2016 til 2019, og slik funne diverse nøkkeltal for eit gjennomsnittsfartøy i kvar flåtegruppe. Utrekningane er basert på ei rekke føresetnadar, noko ein kan få nærmare innsyn i gjennom Fiskebåts utfyllande rapport, men denne tabellen oppsummerar i alle fall det indikative hovudbiletet:

2030 versus 2020 med førespegla CO2 avgift
Torsketrål Pelagisk trål Ringnot Konv. Hav Konv. Kyst o/21m Totalt for flåtegruppene
Gjennomsnittleg nedgang i driftsresultat pr. fartøy. I mill. kr -12,5 -5,2 -3,3 -3,8 -0,8
Nedgang i driftsresultat -31 % -46 % -19 % -37 % -11 % -30 %
Nedgang i driftsmargin -44 % -56 % -34 % -48 % -27 % -42 %
Auke i drivstoff som andel av driftsutgifter 56 % 54 % 96 % 66 % 66 % 59 %

· Eit gjennomsnittleg fartøy i torsketrålgruppa kan vente eit fall i driftsresultatet på kring 12,5 millionar i 2030. Det vil i så fall tilseie 43 % nedgang i driftsmargin.

· I pelagisk trål må ein kunne forvente eit fall kring 5 millionar i driftsresultat, noko vil medføre ein nedgang på over 50 % i driftsmargin.

· Ringnot vil potensielt kunne oppleve at driftsmarginen fell med ein tredjedel sidan driftsresultatet truleg fell med over 3 millionar kroner for eit gjennomsnittsfartøy.

· For gjennomsnittsfartøyet i konvensjonell hav vil driftsresultatet falle med nærmare 4 millionar kroner, noko som tilseier eit fall i driftsmargin kring 50 %.

· For konvensjonell kyst vil driftsresultatet reduserast med nesten 1 million, noko som indikerer ein nedgang på kring 10 % i driftsresultat og 26 % i driftsmargin.

Konsekvensar for flåten og fiskeria

· Potensiell markant nedgang i driftsresultat og driftsmargin, mindre lønsemd i alle flåtegrupper.

· Reduserte inntekter for fiskarane og rederia.

· Auka behov for ytterlegare strukturering.

· Marginale fiskeri vil bli enno meir utsatt og fleire fiskeri vil bli ulønnsame.

Det kan gjelde fisket etter reker, snabeluer, lange, brosme øyepål og delar av seifisket, samt andre fiskeri som vil møte ekstra lønsemdsutfordringar som følge av auka avgiftspress.

· Norge kan dermed stå i fare for å ikkje utnytte tilgjengelege kvotar, og i henhald til havrettstraktaten kan andre land dermed krevje tilgang til desse kvotane.

· Det kan gi ein mindre klimavenleg utanlandsk flåte, med ingen eller lågare klimaavgifter, tilgang til norske fiskeri og der resultatet blir auka utslepp globalt.

· Auka drivstoffkostnader vil potensielt føre til færre driftsdøgn og større sesongtoppar når ressursane er lettast tilgjengeleg. Dette vil kunne gi ytterlegare utfordringar for heilårleg drift i fiskeindustrien.

· Forsterkar sentraliseringseffektar, og reduserer aktivitet samt ringverknader for kystsamfunn og tilhøyrande næringar.

· Redusert lønsemd vil redusere fornyingsevna, og utan fornying stoppar utviklinga av klimavenleg teknologi opp.

· Ein større andel nybygg blir bygd i utlandet hjå rimelegare aktørar, og at desse aktørane dermed utnyttar norske teknologiske fortrinn.

· Kraftig reduksjon i oppdrag for norsk maritim industri, både for verfts- og leverandørindustrien.

Vegen vidare

Fiskeflåten ynskjer å vere ein spydspiss i utviklinga av ny miljøteknologi i maritim sektor, og fiskeflåten har tidlegare vist seg raske med å ta ny miljøvennlig teknologi i bruk. Eit sterkt virkemiddelapparat er nødvendig for å møte krava om nye store utsleppskutt i fiskeflåten. Derfor trengs både ei:

· vidareføring av kompensasjonsordninga for fiskeflåten,

· ei forlenging av miljøavtalen om NOx,

· og etablering av eit CO2-fond

Bruk verkemiddelapparatet

Verkemiddelapparatet må blant anna anvendast til å utvikle ny teknologi i eit samspel mellom fiskeflåten og maritime verksemder. På den måten kan det utviklast verdsleiande teknologi som vil gi oss nye eksportinntekter, samstundes som utsleppa vil reduserast.

Det er også viktig å redusere andre avgifter som fiskeflåten er pålagt for å unngå at ei høgare CO2-avgift svekka fornyingsevna. Ei skroting av den vedtatte fiskale fiskeriavgifta som planleggast innført 1. juli i år vil være en god start.

Vi må også unngå at utanlandske fiskefartøy utan høge klimaavgifter tar over norske fiskeri, og der resultatet blir auka CO2-utslipp globalt. Eller at verdifullt og klimavenleg protein frå havet må erstattast med anna protein. Dette er eit sterkt argument for at CO2-avgifta til fiskeflåten må sjåast i samanheng med kva som skjer i land vi konkurrera med, og kva som er teknologisk mogleg.

EU har ein langt lettare veg til Paris-målet enn Noreg. Medan Noreg berre hadde kutta 2,3% av klimagassutsleppa i 2019 samanlikna med referanseåret 1990, har EU kutta 26% i same periode. Årsaka er veksten i oljesektoren i Noreg i denne perioden. Det kan vere vanskelig å forstå at konkurranseutsett næringsliv i Noreg, som fiskeflåten, av denne grunn får langt høgare CO2-avgifter enn tilsvarande sektorar i andre land. Det fins svært gode argument for å bruke gulrot framfor pisk i enkelte sektorar for å fremme nødvendige utsleppskutt i Noreg. Oljen har gitt oss eit oljefond på 11.000 milliardar kroner. Dette bør brukast meir aktivt til å støtte opp under næringar som på grunn av oljeverksemda får ein lenger veg å gå for å komme i mål med utsleppskutta.

Det er lønsemd som skal sikre ei fortsatt teknologisk utvikling. Eit auka avgiftspress vil redusere lønsemda og vere ein effektiv brems for teknologiutviklinga i fiskeflåten.

Publisert: 01.03.2021 10:52

Sist oppdatert: 03.03.2021 08:00

Mer om