Synspunkt
Difor lagar vi framtidsverkstaden «The North West»
Straumen av unge som forsvinn til Oslo, Bergen og Trondheim er stor. Alt for stor, skriv sju ordførar i Ålesundsregionen.
21.02.2018
Sunnmøre. Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – eller der alle skulle ønske at dei bur?
Vi er glade i patriotar. Det gjer godt å høyre dei som snakkar fint om Sunnmøre. Og ekstra glade er vi kanskje i dei som ikkje berre snakkar fint om Sunnmøre, men som tek regionen på alvor. Som bygger næringsliv og kulturliv her. Dei som skaper arbeidsplassar og møteplassar. Og så kan vi lene oss tilbake og nyte alt vi er gode til. Eller?
Nei, vi kan ikkje det. Då kan vi ende opp som ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Vi må lese dei store utviklingstrendane. Over heile verda skjer det ei stadig sterkare urbanisering. Og det speglar seg her i fylket. Straumen av unge som forsvinn til Oslo, Bergen og Trondheim er stor. Alt for stor. Og dessverre er ikkje straumen av dei som flyttar til oss like stor. Og ikkje minst er det ei alvorleg skeivheit i flyttestraumane. Det er jentene som reiser og kjønnsbalansen vert feil.
Vi må spørje oss kva det er som gjer at ungdomane våre reiser og kva som gjer at dei ikkje kjem heim att? Og så må vi spørje oss om kva som må til for at både dei og andre kan tenke seg å flytte hit?
Det er det vi i Region Ålesund og Møre og Romsdal fylkeskommune vil med The North West i desse dagane frå 18. til 21. april. Vi vil ha ein festivalkonferanse der vi skal nyte og nyttegjere oss av alt det gode vi har i Region Ålesund. Og så skal vi ha det som plattform i den store praten om framtida. Og den praten vil vi skal skje mellom dei som bur her og mellom dei som ikkje bur her. Mellom dei som er ekspertar på emnet. Og mellom alle dei som er ekspertar på Sunnmøre. Fordi dei bur her! Eller har lyst til å bu her.
For å drage i gang den store praten har vi fått tak i han som innan regionutvikling kan seiast å vere det Elon Musk eller Mark Zuckerberg er innan deira fagfelt. Å få Richard Florida hit er stort og når han skal gi si meining om Sunnmøre, er det nesten som eit OL-gull. Her har vi vunne i ein stor, internasjonal konkurranse. Og vi gler oss til å høyre kva han har å seie om korleis vi kan vinne ein annan konkurranse, konkurransen om folk. Kva må til for at folk vil bu her i staden for i Oslo, Bergen eller Trondheim? Korleis skal dette bli staden der alle skulle ønske at dei bur?
Noko av det som er spennande med Richard Florida sine teoriar, er at han ser i breidda. Og at han snakkar om å bygge sterke regionar. Byen er motoren i utviklinga, men her på Sunnmøre veit vi at byen ikkje er noko utan omlandet. Og at omlandet er «mindre» utan byen. Vi treng kvarandre for å bygge ein sterk region. Eit region som skal vere tyngdepunktet mellom Bergen og Trondheim. Eit punkt som er tungt nok til å trekke til seg folk. Og gjere det endå betre å bu her.
Før var det slik at folk flytta dit det var arbeidsplassar. No flyttar arbeidsplassane dit det er folk. Dette krev heilt nye måtar å tenke og arbeide på for oss som samfunnsplanleggarar. Og Richard Florida er kjent for at han ut frå eit sett av av T-ar (Teknologi, Talent, Toleranse og «Territorial») kan bestemme kor attraktiv ein region er. Noko av dette trur vi at vi er gode på. Som teknologi. Men korleis vil vi skåre for eksempel på toleranse? Har vi eit miljø som er mangfaldig nok til å drive innovasjon? Eller kveler vi kreativitet med konformitet?
Vi gler oss til å bli utfordra og høyre foredraget hans og dei andre som skal utdjupe desse T-ane i løpet av onsdagen. Om kvelden blir det meir diskusjonar i «Fight Club» på terminalen. Her blir det kjappe presentasjonar, tøffe diskusjonar og ope for alle. Og forhåpentlegvis blir vi som samfunnsplanleggarar aldri så lite fillerista. Den som er overbevist om at han er best, blir ikkje betre.
Og det er denne betre framtida «The North West» skal vere med på å sette retning for. Torsdagen kjem det til å handle utdanning, Universitetsbyen Ålesund og om framtidas arbeidsplassar. Og vi håper dagens arbeidsplassar er opne for at iallfall nokre av arbeidstakarane får bruke tid å få med seg nokre av desse foredraga. Det er viktig at flest muleg får med seg dette slik at temaet også kjem opp i praten rundt kaffitraktaren og lunsjbordet. Det er ikkje få gode idear og framtidsmulegheiter som har dukka opp der.
Med «The North West» vil vi løfte stort og breitt. Og då trengst det mange dagar. Dag tre skal handle om bybygging, urbanisering, og om natur og kultur. Det vert også ein grøn dag der eit av orda som vil gå igjen er berekraft. I Møre og Romsdal har vi utgangspunktet for å greie både det blå og det grøne skiftet. Men greier vi for eksempel å skaffe nok folk til å gjennomføre det?
Om «The North West» treng mange dagar, så skal det ikkje verte berre som ein lang og tung konferanse. «The North West» blir ein festivalkonferanse. Heile vegen knyter vi til oss kulturopplevingar og kveldsarrangement slik at vi skal nå flest muleg. Diskusjonen om korleis Sunnmøre skal bli den plassen der alle skulle ønske at dei bur, er ikkje ein diskusjonen som kan gå berre blant nokre få. Den angår alle. Og vi inviterer alle. Dermed avsluttar vi «The North West» på laurdag med ein folkedag i Ålesund. Her er det godbitar i programmet som gjer at du kan få heilt nye opplevingar i sentrum. Og vi lovar at dette blir ein smak av framtida.
For det er framtida det skal handle om desse aprildagane under «The North West». Korleis skal dette bli regionen der alle skulle ønske at dei bur?
Ordførar i Giske kommune, Harry ValderhaugOrdførar i Haram kommune, Vebjørn KrogsæterOrdførar i Sandøy kommune, Oddvar MyklebustOrdførar i Skodje kommune, Dag Olav TennfjordOrdførar i Sula kommune, Jim Arve RøssevollOrdførar i Ørskog kommune, Knut HarstadOrdførar i Ålesund kommune, Eva Vinje Aurdal

«Ein Elon Musk innan regionalutvikling»

Fillerista for ei betre framtid

Publisert: 21.02.2018 14:00
Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41