Janita Arhaug fotograf Anne Marthe Vestre Berge
DØRA ER IKKJE STENGT: Gode karakterar er ikkje einaste vegen inn i fiskaryrket, meiner Janita Arhaug. Foto: Anne Marte Vestre Berge
Synspunkt

Draumen om å bli fiskar

Fiskaryrket har blitt svært populært og karakterkrava for å kome inn på utdanninga er skjerpa. Heldigvis er det framleis mogleg å kome inn for dei som fell utanfor i skulesystemet, skriv Janita Arhaug i NCE Blue Legasea.

29.07.2022

Dei hadde dei finaste bilane. Med sjalusi, wunderbaum og god musikk. Om fiskarane hadde hatt gode karakterar på skulen, eller kva dei faktisk gjorde på sjøen visste vi lite om. Slik var det før.

I Fiskeribladet kunne vi nyleg lese at fiskaryrket har vorte sexy. For oss som vaks opp i Herøy på 80-tallet var det alltid stor stas når fiskarane kom heim frå sjø. Det var kjekt å være saman med dei. Vi tenkte ikkje så mykje på kva dei dreiv med når dei var ute på fiske. Det var fiskarane som var sexy, ikkje fiskaryrket.

Heilt annleis

Dei som blei fiskarar på den tida hadde ikkje noko fagbrev eller gode karakterar å vise til. Men dei takla hardt fysisk arbeid. Å bu tett saman med andre i vekesvis, ja ofte månadsvis utan nemneverdig kommunikasjon med omverda. Eigenskapar som var grunnleggjande for å få fiskarjobb på den tida.

No er det heilt annleis. Fiskaryrket blir nærmast framstilt som eit glansbilete. Gode lønningar, ordna arbeidsforhold og fritidsordningar. Mobil og internett som gjer det mogeleg å halde seg oppdatert om både familie, vener og verdenssamfunnet generelt. Og ein skal helst ha gode karakterar for å kome gjennom nålauget.

Norges tøffaste

Det var stilig da trålaren Hermes for nokre år sidan tok ansvar for å synleggjere fiskarlivet ved å la eit filmselskap lage ein tv-serie frå livet ombord. Sidan har stadig fleire bidrege til å vise fram korleis fiskarlivet eigentleg er.

Fiskaren Isak Dreyer, som gjekk av med seieren i NRK-serien Norges tøffeste, tok historieforteljinga eit steg vidare. Han målte ikkje berre krefter med dei ni andre deltakarane, men fekk også vist fram kor viktig det er å være uthalden, ha god teknikk og være løysningsorientert. Til Fiskeribladet fortalte Isak at hans bakgrunn fra fysisk krevjande yrker var avgjerande for at han gjekk av med sigeren. Ein blir mykje meir sliten både fysisk og psykisk om bord i båten. I eit intervju med Framtida drog Dreyer fram ein annan eigenskap som gjer deg godt rusta til kvardagen til sjøs:– Du må ha dårleg minne, så du ikkje hugsar kor jævleg du hadde det. Og la til: – Det har du òg gløymt når du får lønning.

Pengane kjem ikkje rekande på ei fjøl. Det er framleis mykje hardt arbeid i fiskerinæringa. Yrket er ikkje for kven som helst.

Gode historier er viktig

Etter nokre vonde oppslag i media om trakassering i fiskaryrket, har fiskeripressa spesielt det siste året, hyppig servert historier om både jenter og gutar som stortrivst i jobben sin. Dei gode historiene er viktige å få fram, og er utan tvil avgjerande for omdømmet og rekruttering til næringa.

Vegen til ein jobb i fiskeflåten i framtida er i stor grad betinga av at dei unge tek yrkesfag på vidaregåande. Fagbrev gjev både teoretisk og praktisk kunnskap. For dei fleste er lærlingtida inngangsbilletten til fast jobb.

Akkurat no gleder eg meg stort over at sonen til veninna mi sikter seg inn mot ei framtid i sjømatnæringa. Guten har kome inn på sitt førsteval, Naturbruk. Av 78 søkjarar, fekk 28 plass i naturbruksklassa til Ålesund VGS. Ein av dei heldige. Det er bra at han ikkje høyrte på rådgivaren sin på ungdomsskulen. Det var visst ikkje lurt å satse på jobb innan fiskeri fordi han bruker briller! Slik mangel på kunnskap om moglegheitene i sjømatnæringa er ikkje uvanleg. I eit møte med rådgjevarar i ungdomsskulen for nokre år sidan blei eg fortalt at skulane såg på fiskerinæringa som ei cowboynæring. Og med jamne mellomrom får næringa negative oppslag i media.

Nettopp derfor må dei gode historiene og trua på næringa pøsast på vidare, mellom anna i NETT NO. Frå fiskeripolitisk talsperson i Høgre, Olve Grotle. Frå informasjonsleiar i Fiskebåt, Odd Kristian Dahle og dei andre i kommunikasjonsnettverket i sjømatnæringa sine organisasjonar. Frå kvinner og menn i næringa som er stolte av arbeidsplassen sin.

Jobb utan utdanning

I haust er det mange som ikkje får sitt skuleønskje oppfylt.

I fiskerinæringa er det bruk for mange slags menneske. På eit fartøy er det mange ulike jobbar som skal gjennomførast. Har du arbeidslyst og pågangsmot er det framleis mogeleg å få seg jobb utan utdanning.

Til dømes har rederiet Nordnes AS ein bevisst strategi om å la ungdommar, både lærlingar og unge som fell utanfor skulesystemet, få mogelegheita til å få prøve seg på sjøen. Draumen om å bli fiskar skal ikkje øydeleggjast på grunn av karakterkrav.

Publisert: 29.07.2022 13:04

Sist oppdatert: 29.07.2022 13:36