Delegatane på landsmøtet i Norges Fiskarlag klarte ikkje å bli samde om vegen vidare. Det toppa seg, og Fiskebåt melde seg ut. Det er sjølvsagt freistande å fordele skuld og ansvar for det som skjedde, men det skal eg overlate til dei som står midt oppe i det med begge beina.
Eg var medlem i Norges Fiskarlag heile mitt yrkesaktive liv, og eg har òg jobba i organisasjonen. Eg var av og til rasande usamd i saker eg meinte Fiskarlaget handterte feil, men eg melde meg aldri ut.
Men kva no, Norges Fiskarlag? Organisasjonen er no splitta, og det er vanskeleg å sjå korleis vegen vidare vil sjå ut. Det vi veit, er at utmeldinga til Fiskebåt ikkje skjer formelt før i 2027. Dei neste to åra blir ei separasjonsperiode før skilsmissa er eit faktum.
Mange har hevda i ettertid at det vil gå sin gang i desse to åra, og at det blir «business as usual». Eg håpar dei har rett, men eg har mine tvil. Dette gjer sjølvsagt noko med samarbeidsklimaet i landsstyret. Det er vonde sår som ikkje let seg lækje med berre ein plasterlapp.
I ettertid har denne splittelsen blitt definert som ei konflikt mellom kystfiskeflåten og havfiskeflåten. Det er ei analyse som er heilt feil. Sør-Norges Fiskarlag har svært mange medlemmar frå kystflåten. Det er med andre ord ikkje berre i nord det finst kystfiskarar.
Sett frå min ståstad er dette ei nord/sør-konflikt. Slike har vi hatt mange av opp gjennom historia. Underhaldningsverdien har av og til vore stor, men det har ikkje brakt ei samla næring eit hakk vidare. Og det gjer det absolutt ikkje no heller.
Eg er kjend med at ei bok er under arbeid som skal markere Norges Fiskarlags 100-årsjubileum neste år. Eg reknar med at det som hende 19. november 2025, blir det siste kapittelet i boka.
Og vi må be våre forfedre om unnskyldning, fordi vi reiv huset dei bygde.
Mange må no ta innover seg dette sitatet: «Når man har presisert sitt standpunkt, behøver man ikke å slå leir på toppen av det.» — Winston Churchill
Publisert: 25.11.2025 07:55
Sist oppdatert: 25.11.2025 09:17






