Fiskarlaget i ureint farvatn
Synspunkt

Fiskarlaget i ureint farvatn

– Dei som styrer organisasjonen, og dei som vil ut, skuldar uansett forfedrene våre ei lita teneste- før dei riv bygget Norges Fiskarlag, skriv Knut Arne Høyvik i dette innlegget.

Fiskarlaget Nord gjorde sist veke eit vedtak om å forlate Norges Fiskarlag, det er berre å ta til etterretning. Kystfiskarane i nord meiner at Fiskebåt har fått for stor innflytelse i Fiskarlaget, og dei seier sjølve at dei kjenner på frustrasjon og maktesløyse.
Men er det slik i realiteten? Svaret er todelt, reint demokratisk er Fiskebåt i klart mindretal i Fiskarlagets styrande organ, med 4 rep. i Landsstyret og 17. rep i Landsmøtet. Dei kan med andre ord stemmast ned i absolutt alle saker, og det er blitt gjort.
Men det er i den daglege drift at vi ser ein viss ubalanse i makt. Fiskebåt som landsdekkande organisasjon sender sine saker direkte til styresmaktene, og ikkje alltid gjennom Norges Fiskarlag. Andre saker sender dei gjennom Norges Fiskarlag, dei har med andre ord to kanalar inn til styresmaktene Medlemslaga sender sakene sine for det meste lojalt gjennom Norges Fiskarlag, og ikkje direkte til styresmaktene, og det opplever mange fiskarar som frustrerande. Fleirtalet i dei styrande organ i Fiskarlaget skal vere eit klart og tydeleg korrektiv til denne ubalansen.

Kva no?

Min første tanke når eg såg vedtaket til Fiskarlaget Nord var; Kva no- korleis tenker dei som er knytt til flåtesida å organisere seg i framtida?.
Ser vi konturane av eit kystfiskarorganisasjon på eine sida og ein havfiskeorganisasjon på andre sida? Når ein les litt på sosiale media er det mange som tek til orde for ei slik løysing. Ei slik splitting er utan tvil ein tap-tap- situasjon for både liten og stor, det viser all kunnskap vi har om organisering.
«Vi er så få her i landet» skreiv diktaren Nordahl Grieg, og det er etter kvart veldig få som lever av å fiske i havet- ca.10000 personar. Tida då vi var så mange at vi kunne trampe i takt inn i dei politiske korridorane og legge kjøtvekta på bordet- er definitivt forbi.
Organisasjonsfridomen står likevel sterkt, det er til og med nedfelt i internasjonale konvensjonar. Sånn sett kan folk organisere seg der dei vil, slik dei vil, og når dei vil, men det treng ikkje alltid å vere klokt for det.
Dei som lever av å fiske , enten båten er liten eller stor, har svært mykje til felles. Dei har veldig mange like utfordringar, som ikkje har noko med kvoter og størrelsen på båten å gjere. Det er med andre ord meir som samlar dei, enn som splittar dei. Men det er dei som konstruerer fiendebilde som får mest merksemd og oppslag i media. Mange framstiller det nærast som ein kamp mellom det gode og det vonde, der dei store er vonde og dei små er snille. Nyansane døydde dessverre fredfullt for nokre år sidan, med alle sine sosiale media rundt seg.

Ressursfordeling og innflytelse

Vi veit godt at i alle fiskeridebattar ligg der eit lydspor og spelar heile tida, nemleg kampen om ressursane. Dersom vi får ei total splitting i Norges Fiskarlag vil vedtaka om ressursfordeling frå 2001 og 2007 stå for fall. Det er usannsynleg at ein splitta organisasjon vil greie å stable på beina eit nytt kompromiss om kvotefordeling. Fordelinga av fiskekvotar vil hamne i Stortinget, og dei som kjenner seg skråsikre på at dei blir tilgodesett der, kan få seg ein overrasking.
Medan denne destruktive førestillinga går sin gang, blir politikken forma sakte men sikkert.
Politikarane peikar på havet og har ingen skruplar med å blokkere fiskefelt med vindturbinar. Sosialøkonomane i Finansdepartementet reknar på skatt på ressursrenta, og miljørørsla får meir og meir innflytelse på forvaltninga av fisken. Dei som måtte tru at oljeselskapa har gitt opp kampen om Møreblokkene, Lofoten, Vesterålen og Senja- har ikkje følgt med i timen.
Dei som skal stå vakt om interessene sine på alle desse viktige områda, sit på kvar sitt ness og kranglar så busta fyk, om kvoter og struktur. Av og til ropar dei aust om fjella, for å nå sentrale styresmakter. Svaret dei etterkvart vil få, er ekkoet av sine eigne rop.
Dei som styrer organisasjonen, og dei som vil ut, skuldar uansett forfedrene våre ei lita teneste- før dei riv bygget Norges Fiskarlag. I god tid før dei startar det endelege rivingsarbeidet, bør dei i alle fall undersøke grundig kvifor bygget vart bygt.
Ser vi konturane av eit kystfiskarorganisasjon på eine sida og ein havfiskeorganisasjon på andre sida?

Publisert: 21.09.2020 10:09

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42