Fridom til å bu og leve kor du vil
For meg er fridomen til å kunne bu og leve akkurat der du vil ein viktig verdi. Den bør ikkje vere avhengig av sjansar for jobb eller utdanning, skriv stortingskandidat Torill Velle (H).
I Møre og Romsdal har vi dei siste åra sett mange kommunar som verkeleg har satsa og sett fokus på positiv omdømmebygging for å gjere seg attraktive. Attraktive for gründere, tilrettelagt for attraktive bustadområder og fokus på kultur og fritid – summen av dette gir gode lokalsamfunn for både folk og bedrifter.
Skal vi verkeleg få fridom til å bu og leve kor vi vil, må vi ha fokus på lokalt næringsliv. Arbeidsplassar gir livskraftige lokalsamfunn, og over ein million tilsette arbeider i dag i små og mellomstore bedrifter i Noreg. I fjor meldte nesten seks av ti NHO-bedrifter at dei har eit udekka kompetansebehov. Størst er behovet i dei to nordlegaste fylka og her i Møre og Romsdal.
Ta utdanning der du bur
Høgre vil at utdanningstilbod på fagskular, høgskular og universitet skal bli tilgjengelege for alle, uavhengig av kor du bur eller kva livssituasjon du er i.
Høve til etterutdanning og påfyll av kompetanse for dei små og mellomstore bedriftene er særs viktig. Vi blir aldri utlærd - næringslivet er i stadig endring. Omstilling til nye forretningsområde, ny teknologi og meir digitalisering vil ikkje stoppe opp, derfor er koplinga av bedriftene sitt behov for kompetent arbeidskraft og utvikling av relevante utdanningstilbod i distrikts-Norge heilt essensielt. Dette vil Høgre gjere noko med gjennom sitt nye distriktsprogram.
Programmet skal blant anna gi regionale aktørar sjanse til å søke om støtte til å få utvikle dei utdanningstilboda dei treng saman med fagskular, høgskule eller universitet. Vi veit at mange bedrifter manglar nødvendig kompetanse. Høgre vil gi dei drahjelp til å skaffe seg det. Det er ikkje berre auka krav til formell kompetanse, det er også krav til ny kompetanse hos dei som allereie har ei utdanning i botn.
Vi vil halde fram med å gjere ordningane i Lånekassa meir fleksible slik at dei betre kan tilpassast folk i ulike livssituasjonar som skal ta utdanning.
Jobb frå der du bur
Meir enn nokon gong har det verkeleg vist seg kor viktig det er at du kan kople deg opp på nett uansett kvar du er med tanke på pandemien vi har vore og står i. Utbygging av digital infrastruktur og utvikling av ny kommunikasjonsteknologi som reduserer avstandsulemper i distrikta, vil styrke allereie etablerte nærings- og kompetansemiljø. Lokalisering av statlege arbeidsplassar og offentlege kompetansemiljø utanfor dei største byane, bør skje der lokaliseringa har størst potensial til å bidra til regional utvikling, og da må vi ha dei beste løysningane for digitalt handlingsrom. Alle husstandar skal også få tilgang til breiband med høghastigheit innan 2025, og 5G-dekning på lik linje med dagens 4G-dekning.
Slik vil vi gi einskildmenneske større fridom til å velje å bu og leve kor ein vil utan at det skal gå utover val av utdanning og arbeid. Dermed blir også verdiskapinga liggjande igjen i lokalsamfunna, noko vi har stor tru på vil styrke distrikta og busettinga der.
Publisert: 03.09.2021 13:58
Sist oppdatert: 03.09.2021 14:10