Katrine Vestbøstad foto åkp 1
Foto: ÅKP
Synspunkt

Nybrotsarbeid for grønt skiftet i fiskerinæringa

Fiskeri spelar ei avgjerande rolle i det grøne skiftet, men no er det mangel på ressursane og ikkje trong økonomi som tvingar fram omstilling og nye løysingar, skriv Katrine Vestbøstad, prosjektleiar NCE Blue Legasea.

22.02.2024

Sirkulært fiskeri. Det må vere ringnot det, humra fiskaren. Jovisst er ringnota sirkulær, formen i allefall.

Fiskeri spelar ei avgjerande rolle i det grøne skiftet og i å sikre mat til verdas voksande befolkning. Det er også ei næring med utfordringar knytt til resssursbruk og avfall. Korleis kan sirkulærøkonomi bidra til å løyse desse utfordringane?

I norsk økonomi nyttar vi ressursar tilsvarande 4 jordkloder i året. Det er ikkje berekraftig for menneska si framtid på kloden. Overforbruket gir auka knappheit på bioressursar. Knappheita vil tvinge fram omstilling og endring. Innstramming av fiskekvoter er eit eksempel på knappheit på bioressursar som fiskerinæringa må handtere. Korleis er vi rusta til å takle dette?

Kva er sirkulærøkonomi?
Sirkulærøkonomi handlar om å nytte ressursane betre og lengre. Målet er å halde ressursane i økonomien så lenge som mogleg, og redusere avfallet.

Er dette noko nytt? Eg vaks opp i ein heim der det aller meste skulle nyttast, reparerast og takast vare på i tilfelle det kunne nyttast til eit anna formål seinare. Eg arva kler av ein eldre bror – som ikkje var spesielt populært på ungdomsskulen. Syklar og traktor blei reparerte til det ikkje var meir å reparere. Vi sanka bær, safta og sylta. Ein planke til overs blei til vasski. All restemiddag gjekk i lapskausen. På eit lite småbruk var økonomien trong og det tvang fram løysingar for gjenbruk.

Noko skjedde. Produkta vi kjøpte varte ikkje så lenge, og dei kunne ikkje reparerast. Det blei avfall. Vår økonomiske vekst akselererte forbruket og auka mengdene av avfall, og dei siste 30 åra har det vore jamn vekst i avfall til dagens totale avfallsmengde på nær 12 millionar tonn i året.

Er sirkulærøkonomi i dag noko anna enn det det var før den økonomiske veksten? Eg trur det. No er det knappheita på ressursane, ikkje trong økonomi, som tvingar fram omstilling og nye løysingar.

Større potensial
Kva betyr sirkulære forretningsmodellar heilt konkret?

På ein klyngekonferanse i NCE Blue Legasea nyleg var sirkularitet eit gjennomgåande tema. Klynga er tufta på ideen om 100 prosent utnytting av marint råstoff. Mykje av fiskeflåten har i mange år nytta heile fangsten, nokon produserer mel om bord og andre leverer restråstoff til land. Overskotsvarme i maskineriet går til tørking av produkt, og fartøy samlar opp plast og leverer til resirkulering på land.

Mykje er bra! Dette skal vi bygge vidare på. Potensialet er framleis stort når vi veit at 33% av restråstoff av kvitfiskfangsten ikkje blir brukt. Det største potensialet kan likevel vere i andre ledd av

verdikjeda når norsk økonomi er kun 2,4 prosent sirkulær – altså; kun 2,4 prosent av ressursforbruket vårt går tilbake i kretsløpet.

Må omfamne forvirringa
Kva no?

Det er det vi skal finne ut. Saman. Dette er nybrotsarbeid. Innovasjon.

Hadde vi hatt løysingane så hadde vi gjort det. Eller hadde vi det dersom vi visste at det kosta nokre kroner ekstra og tidsperspektivet i investeringar var lengre? ‘Det må lønne seg’ høyrer eg ofte.

Vi kan sette kompasskursen mot framtidsbildet om eit konkurransekraftig fiskeri som metter ei voksande befolkning med sunn og næringsrik mat og samstundes tek vare på ressursane. Det krev mot å ta strategiske avgjersler som tar oss i ny retning, og til å utfordre tankesettet rundt tradisjonell kommersiell verdiskapings-tankegong.

Eg har siste tida lært og erfart at total forvirring er forstadiet til å forstå det openbare. Det er befriande å la kaoset rå og vite at om litt så blir bildet klart og eg har lært noko nytt. Vågar vi oss ut i ukjent farvatn og omfamne forvirringa?

Tid for å tenke nytt
Det handlar om konkurransekraft. Posisjonere oss og vere rusta for framtida. Det er ikkje nok ressursar til å fortsette som vi gjer, og vi må tenkje nytt om korleis vi best nytter dei. Kjenner vi verdikjedene våre godt nok – er det potensiale for å hente ut nye inntektskjelder? Er der områder vi kan samarbeide med andre? Dele på investeringar og ressursar? Kan fiskeriet finne nye samarbeidspartnarar, som for eksempel i landbruket, grøn-blå samhandling? Har vi avfallstraumar i dag som kan hentast ut som ein ressurs for andre?

I NCE Blue Legasea trur vi at om få år så er sirkulære verdikjeder og forretningsmodellar den nye normalen, og vi sit der og seier at ‘slik har vi alltid gjort det’. Bli med og skap den nye normalen!

Publisert: 22.02.2024 12:20

Sist oppdatert: 22.02.2024 12:20