Synspunkt
La oss få sjå eit samla fylkesting av utdanningspolitikarar!
Ein del av skulekutta blir reversert, men det er framleis mykje å gå på, meiner Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag og Creo.
24.03.2020
Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag og Creo har sidan vedtaket i fylkestinget til Møre og Romsdal i desember 2019 følgt nøye med på den politiske prosessen og aktivt gått inn for å få reversert dei kutta i skuletilbodet som vart gjorde. Vi stilte tre viktige krav til politikarane og ser no at ein del av kutta er foreslått reverserte.
Utdannings- og kompetanseutvalet samt Yrkesopplæringsnemnda har gjort vedtak som dei tre organisasjonane meiner gir rett kurs. Mange av dei tilboda som var foreslegne kutta er tekne inn att, dette vil vi rose politikarane for.
Men vi er meiner det framleis er mykje å gå på. Framleis er det tilbod som ikkje er søkbare for elevar ute på distriktskulane. Politikarane må ta eit heilskapleg omsyn når det gjeld både elevane sine førsteval og det å kunne vere heimebuande først året på vidaregåande. Det må derfor vere mogleg å tilbakeføre utdanningsprogram til nærskulen dersom det syner seg at mange elevar no har måtte søkt seg forbi nærskulen fordi tilbodet ikkje lenger finns der. Vi skal framleis ha ein desentralisert og likeverdig skulestruktur i fylket vårt.
Økonomien til dei vidaregåande skulane må også styrkast. Nedtrekket på 0,75% må ikkje gjelde utdanningssektoren. Dei økonomiske rammene er tronge nok som dei er! Vidare må 200 millionar av overskotet gå til nyinvesteringar i skulane.
Vi har sidan midten av mars hamna opp i ein utfordrande og spesiell situasjon i landet vårt. Krise og arbeidsløyse har dessverre blitt daglegdagse hendingar. Offentleg sektor er blant dei som er heldigare stilte. Utdanningstilbod er viktigare no enn nokon sinne. Vi må derfor gi ungdom god utdanning slik at vi kan møte normaltilværet med god arbeidskraft når krisa er over.
Vi har tidlegare sagt at vi ikkje vil akseptere overtal og oppseiingar som konsekvens av kutta i vidaregåande opplæring. Dette kravet vil vi stå sterkt på i noverande situasjon. Det er svært viktig at fylkeskommunen no sikrar alle lærarane jobb. Lærarar er ei gruppe arbeidstakarar det er svært stort behov for om vi skal vi kunne sikre god og kvalitativ opplæring for ungdommen i fylket vårt.
Lærarprofesjonen har også vist at dei i denne tøffe situasjonen har tatt eit stort ansvar for at elevar skal kunne få god opplæring trass i stengde skular.
Dei tre organisasjonane oppmodar no alle fylkespolitikarar om å ta eit samla ansvar for vidaregåande opplæring. Stem for eit desentralisert og kvalitativ godt opplæringstilbod i Møre og Romsdal!

Publisert: 24.03.2020 17:33
Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42