Daniel garden foto åkp
POSITIV: Klyngeleder Daniel Garden for GCE Blue Maritime Cluster mener blant annet det er bra at bedrifter med den nye eksportreformen får støtte til markedsarbeid i utlandet. Foto: ÅKP
Synspunkt

Må forløyse potensialet for små- og mellomstore bedrifter

Klyngeleiar Daniel Garden er positiv til regjeringas eksportsatsing og meiner utfordringa ikkje ligg hos dei store etablerte aktørane.

11.03.2022

Klyngeleiar for den maritime klynga på Møre er positiv til regjeringa sin nye eksportstrategi og håpar strategien vil bety konkret salsassistanse i utlandet til små- og mellomstore bedrifter.

Små og mellomstore bedrifter har i større grad utfordringar med å operasjonalisere eksportambisjonane sine ute i verda enn dei store selskapa. Dei har færre ressursar enn dei store, men har like stort behov for lokal marknadsekspertise, og kontaktnettverk. Her håpar vi den nye satsinga til regjeringa kan vere med å avlaste dette.

Den nye eksportstrategien til regjeringa harmonerer med det bedriftene i klynga sjølve har peika på.

Norske grøne maritime løysingar er salbare ute i verda. Men skal ein lukkast, må vi forløyse potensialet i dei små- og mellomstore bedriftene. Dei treng mykje meir konkret salsassistanse i utlandet. Vi bør ha folk med lokal marknadskjennskap og nettverk til å sette bedriftene fram for dei rette kundane.

Fornye marknadsposisjonen
I regjeringa sin nye eksportreform blir det slått fast at det skal utviklast eit kraftig eksportorientert miljø og eksportarbeidsplassar i Ålesund. Samstundes ligg det i reforma at ein skal satse på «meir og grønare maritim eksport».

Det er sjølvsagt at eksportmiljøet i Ålesund står i front på den maritime satsinga. Regjeringa vil satse på maritim eksport og det er bra, for den er viktig. Norsk maritim eksport utgjer om lag 17 prosent landets totale eksport, inkludert olje og gass. Det viser kor viktig denne bransjen er. Samtidig veit vi at den har eit stort potensialt i etablerte marknader.

Ikkje minst vil fokuset på berekraft og grøn omstilling kunne gje norske bedrifter eit konkurransefortrinn. Tidlegare har vi lukkast med eksport ved å utvikle avanserte maritime teknologiar. No kan grøne maritime teknologiar fornye den norske marknadsposisjonen.

Konkurransefordelar
I den maritime klynga på Møre blir det allereie satsa på dette. Klynga sin nye strategi, New Blue Deal, som blei lansert på forsommaren i fjor, har moglegheitene i det grøne skiftet som hovudpoeng.

Norsk skipsbygging har konkurransefordelar i skip til havbasert energiproduksjon, fiskeri og havbruk samt reiseliv. Å Introdusere nye, grøne teknologiar i desse segmenta er vår beste moglegheit for å lukkast.

Den største utfordringa ligg likevel ikkje hos dei allereie etablerte, store, aktørane, men hos dei som kanskje ikkje har vore i eksportmarknaden før. Eksportandelen i maritime bedrifter er høg, men lågare i små- og mellomstore bedrifter enn i store selskap. Difor treng dei assistanse som kan skyve dei i riktig retning.

Daniel Garden, klyngeleder for GCE Blue Maritime Cluster

Publisert: 11.03.2022 10:43

Sist oppdatert: 11.03.2022 11:00

Mer om