Makrellkonflikten Kan ikke se den grense under vann
Synspunkt

Makrellkonflikten: «Kan ikke se den grense under vann»

Dei som har levd ei stund huskar sikkert Harald Heide Steen jr. i sketsjen som ubåt kaptein Pjotr Gushin som hadde forvilla seg til Norge. Då «ubåtkapteinen» blei bedt om å forklare kvifor dei hadde kryssa den norske fiskerigrensa kom svaret som mange hugsar: « Kan ikke se den grense under vann».

03.12.2015
Konflikten mellom EU og Norge på den eine sida, og Island og Færøyane på den andre sida om forvaltninga og fordelinga av den verdifulle makrellen er fastlåst. Drøftingane har ikkje ført fram og i dag ser det ut som ein uløyseleg gordisk knute.
Bakteppet er at makrell i store mengder fann på å krysse grenser under vatn og symje inn i Island og Færøyane sine økonomiske soner. Før 2007 var det ikkje registrert makrell ved Island. Heller ikkje store mengder ved Færøyane som likevel fekk sin andel, og var ein del av den sokalla kyststatsavtalen.Det at makrellen gjorde denne vandringa er historisk sett heilt unormal, og ingen veit om det er ein situasjon som vil vare ved.
På denne bakgrunn sette dei to landa vest i havet sine eigne og veldig høge nasjonale kvoter, og ga blaffen i både avtalar og tilrådingar frå havforskarane.

Fordeling og kyststatsavtale

Den opphavlege fordelinga på makrellen mellom partane, før den gamle kyststatsavtalen braut saman, var som følgjer: EU: 61,78 %, Noreg: 28,21 %, Færøyane 4,92 %, Russland: 4,78 % og Island: 0,31 %.
I fire år har det vore drøftingar, kranglar og både EU og Norge har sett i verk sanksjonar og trua med fleire. Fiskarane frå Island og Færøyane har blitt nekta å lande fisken både i EU og Norge. Det har hatt som konsekvens at både Island og Færøyane har bygt opp ny og stor industrikapasitet for både sild og makrell til konsum. Ironisk nok så møter norske eksportørar store mengder makrell og sild frå dei to landa ute i marknaden.
I tilfelle sanksjonane var ein strategisk feil, så er det ikkje den einaste. EU sin fiskerikommisær Maria Damanaki reiste i desember 2013 til Færøyane for å møte den færøyiske fiskeriministeren Jacob Vestergaard. Utan å konsultere Noreg ga ho ministeren eit makrelltilbod på 11,9 % av totalkvota. Noko som er over dobbelt så mykje som Færøyane i utgangspunket hadde i kyststatsavtalen. Ho fekk kjapt brev tilbake frå ministeren. Alt under 15% er uakseptabelt, skreiv Vestergaard til Damanaki. Det er sjølvsagt heilt urealistisk sett med våre auge.

Ingen historiske rettar

Island vart ikkje eingong sett på som kyststat til makrellen og var ikkje ein del av den opprinneleg avtalen. Dei fekk tildelt ei lita kvote via Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjon

(

NEAFC

)

sine reguleringar for internasjonalt farvatn. Det same gjorde Russland. Island har ingen historisk rett å vise til i makrellfisket. Til trass for det sette Island ei nasjonal makrellkvote for 2013 på vel 123.000 tonn, det var til og med høgre enn det kravet dei hadde i drøftingane.
Det vanlege prinsippet når ein drøftar fordeling av kvoter både nasjonalt og internasjonalt er historisk fangst. Så langt er det ikkje kome opp noko betre forslag. Island kunne ikkje vise til slik historisk fangst før 2007-2008. Til og med islandske havforskarar stadfesta at det ikkje hadde vore makrell i islandsk sone før 2007.
Etter at dei no i fleire år har fiska alt dei greier, så vil dei ha ei fordeling som byggjer på historisk fangst av overfisket. Det er heilt meiningslaust. Skal det vere slik at om fisk i større eller mindre mengder flyttar seg inn i eit lands økonomiske sone, så skal det gi rett til å setje sine eigne nasjonale kvoter utanom inngådde avtalar? Ja, då bryt all internasjonal fiskeriforvaltninga saman.

200 mils soner

Paradoksalt nok så var det Island gjennom tre tøffe torskekrigar med Storbritannia som gjekk opp løypa for det nye havrettsregimet og 200 mils soner. Det er liten tvil om at den internasjonale og norske opinionen hadde sympati med vesle fiskeriavhengige Island då desse torskekrigane pågjekk. Ein sympati mange også i dag har med våre frendar i vest.
Det rike oljelandet Norge er kjipe med våre vener i vest, blir det hevda. Tenk på dei små øyanasjonane som er fiskeriavhengige. Det er klart me må gi dei meir makrell, me som er så rike, blir det også sagt. Det blir prøvt å gjere dei to mininasjonane til offer i møte med store EU og rike Noreg. Denne retorikken går heim hjå mange, men byggjer på svært så mangelfull kunnskap om realitetane i konflikten.

Store tap for fiskarane?

For fiskarane er det blodig alvor. Dersom rykta er sanne så låg det eit framlegg til ei løysing på bordet i siste runde som heldigvis blei avvist. Den sa at Norge skulle gi frå seg 7% av totalkvota på makrell for å oppnå ei semje. Avisa FiskeribladetFiskaren gjorde eit reknestykke som viste til at om løysinga skulle bli slik, så ville kvar makrellfiskar i Norge tape 250.000 kroner kvart år. Dei som trur at det steinrike oljelandet Norge legg pengar på bordet for å gi fiskarane kompensasjon for tapet, dei er naive.
No er det etter mitt syn, berre ei løysing att, og den er høgst udiplomatisk. Norge og EU må berre bryte totalt med Island og Færøyane, og setje våre eigne kvoter på same nivå som før. Det kan bli sett på som uansvarleg, men mykje tyder på at makrellbestanden toler eit slikt trykk for ei kortare periode.
Sett gjennom fiskarane sine briller har Norge ein dårleg CV når det gjeld internasjonale fiskeridrøftingar, ikkje minst med Island. Island drog det lengste strået etter bråket i Smutthullet, og fekk ei kvote i våre farvatn som var ti gangar større enn den kvota Norge fekk med Island ( Smutthullavtalen). Dette etter at islendingane starta eit høgst umoralsk fiske av torsk i Smutthullet, medan norske fiskarar låg nede for teljing med rekordlåge torskekvoter.
Grensedraginga rundt Jan Mayen først på 1980-talet var ei anna sak som irriterte fiskarane i Norge grenselaust. Norge ville etablere ei 200 mils sone rundt Jan Mayen men islendingane protesterte. Dåverande utanriksminister Knut Frydenlund valde å bøye av. Han foreslo, og fekk islandsk aksept for eit kompromiss der Norge i praksis avsto ein del av fiskerisona rundt Jan Mayen til Island. Han fekk kraftig kritikk frå fiskerinæringa. Men han blei helt på Island.
Me som har vore med ei stund har difor ei dårleg kjensle og ei klar oppfatning om at internasjonale fiskerikonflikter oftast blir løyste gjennom snill norsk utanrikspolitikk, og at betalingsmiddelet er norske fiskarar sine kvoter. Det må fiskarare ikkje akseptere denne gongen.
Dei som trur at det steinrike oljelandet Norge legg pengar på bordet for å gi fiskarane kompensasjon for tapet, dei er naive.

Publisert: 03.12.2015 14:16

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41