Paul Harald Leinebø foto Odd Kristian Dahle 1
NÆR BRUKARANE: I 2020 var bedrifter i Møre og Romsdal blant dei som brukte eksportfinansieringstilbodet mest. Det bør spegle seg også i lokaliseringa av eit samanslått Giek/Eksportkreditt meiner Paul Harald Leinebø. Foto: Odd Kristian Dahle.
Synspunkt

Ny finansieringsetat bør plasserast nær brukarane

Det er overraskande at regjeringa foreslår at eit samanslått Giek/Eksportkreditt skal lokaliserast i Oslo, og dermed langt unna dei største brukargruppene, skriv Paul Harald Leinebø Styreleiar i Fiskebåt Vest

Frå 1. juli blir dei to institusjonane GIEK og Eksportkreditt slått saman til den nye etaten Eksportfinansiering Norge. Det er fornuftig å slå saman desse to institusjonane for gjennom det styrke virkemiddelapparatet og legge til rette for vekst og utvikling for dei norske eksportbedriftene.

Det er viktig at den framtidige etaten har tett kontakt med aktuelle næringar, og såleis er lokaliseringa også sentral. Ved årsskiftet hadde GIEK og Eksportkreditt Norge uteståande garantiar for 80 milliardar kroner, og lån for 51 milliardar kroner. Det er store pengesummar, men som er eit viktig tiltak for å stimulere norsk eksport.

Bedrifter på Vestlandet

Av dei selskapa som GIEK gir garantiar for i dag, er 80 prosent tilhøyrande på Vestlandet. Det same gjeld nærare 70 prosent av finansieringa frå Eksportkreditt. I 2020 var bedrifter i Møre og Romsdal blant dei som brukte eksportfinansieringstilbodet mest.

Dette samspelet mellom maritim industri og fiskeflåten har lagt grunnlaget for at Norge har blitt verdsleiande i fleire av dei marine og maritime næringane. Nærleik mellom involverte aktørar har vore svært viktig for denne utviklinga, blant anna fordi tilgang på finansiering føreset forståing for utfordringane og moglegheitene som finnast i kystnæringane.

Overraska over plassering

Vi som bur her på kysten blei difor overraska over at regjeringa foreslår at den nye etaten skal lokaliserast i Oslo, og dermed langt unna dei største brukargruppene. Forslaget frå regjeringa om lokalisering, bryt også med statlege retningslinjer for lokalisering av offentlege arbeidsplassar. Intensjonen er å forsterke og bygge opp kompetansemiljø utanfor hovudstaden.

I dette tilfellet vil ei etablering i nærleiken til aktive og investeringsvillige brukarar som til dømes i Ålesund eller Bergen, vere med å styrke allereie etablerte fagmiljø. I tillegg vil det vere i tråd med føringane som ligg i dei statlege retningslinjene.

Det grøne skiftet

Norske styresmakter har vedtatt svært ambisiøse klimamål, der utvikling av ny teknologi og investeringar for fornying, vil vere avgjerande for om ein skal lykkast i denne omstillinga. For å lukkast med dette arbeidet, vil det også vere avgjerande at det er nærleik mellom virkemiddelapparatet og verksemdene som er plassert langs kysten.

Vi i Fiskebåt Vest representerer meir enn 70 fiskefartøy, og har som mål å arbeide for ei verdiskapande og berekraftig havgåande fiskeflåte. Våre medlemmar er og har vore offensive, og vil gjerne ta i bruk ny og miljøvenleg teknologi. Vi forventar at vi også framover skal kunne vere ein aktiv pådrivar i denne utviklinga, og at det offentlege legg best mogleg til rette for det.


Publisert: 08.03.2021 16:27

Sist oppdatert: 08.03.2021 17:19

Annonsørinnhold