
Prisrådet i havbruket blir tatt bort
Ordninga har ikkje ført til noko anna enn feil skattlegging, kostbart og unødvendig byråkrati og ressurskrevjande meirarbeid, skriv Olve Grotle (H).
Normprisordninga i havbruket gir feil prisar, og fører til oppdrettarane må skatte for inntekter dei ikkje har hatt. Høgre tok saka til Stortinget, og nå blir ordninga fjerna etter at Venstre og Senterpartiet har skifta syn.
Då Støre-regjeringa overrumpla havbruksnæringa hausten 2022 med forslaget om grunnrenteskatten, var Høgre si klare melding at det ikkje var aktuelt å støtte forslaget. Dette både fordi skattesatsen var alt for høgt, og fordi skatteordninga var uakseptabel.
Ein av dei tinga vil advarte sterkt mot, var normprisordninga. Altså at havbruksnæringa ikkje skulle skattleggast basert på faktisk oppnådde prisar og inntekter, men ut frå eit ordning med normprisar fastsett av eit Prisråd.
Høgre påviste at eit prisråd ikkje ville vere i stand til å fastsette korrekte prisar, og at det berre ville føre til ført til kostbart byråkrati for det offentlege, og tidkrevjande arbeid for selskapa. Alt dette blei stadfesta i praksis, då Prisrådet kom med sine første normprisar i vinter.
Høgre har i over 2 ½ år krevd at normprisordninga må skrotast. Dessverre har dei partia som stemte for grunnrenteskatten og normprisordninga, ikkje vore villig til å lytte verken til oss eller næringa.
Etter at Venstre signaliserte at dei hadde skifta syn, og nokre sentrale politikarar i Senterpartiet og SV gjorde det same, fremja Høgre fjerning av Prisrådet som ei eiga sak på Stortinget.
Då Finanskomiteen behandla saka i førre veke, fekk forslaget berre støtta av Høgre, Frp, Krf og Venstre.
Senterpartiet ville behalde Prisrådet, men under partiet sitt landsmøte denne helga har partiet snudd. Når saka blir stemt over i Stortinget i veka som kjem, må forslaget då få fleirtal.
Dermed vil Stortinget - mot Arbeidarpartiet, SV og Raudt sin vilje - pålegge Støre-regjeringa å fjerne Normprisordninga. Ei ordning som ikkje har ført til noko anna enn feil skattlegging, kostbart og unødvendig byråkrati og ressurskrevjande meirarbeid for opprettarane våre.
Norsk havbruk skal nå som andre næringar ha ei skattlegging som er basert på faktisk salspris faktisk inntekt og faktisk verdi som selskapa oppnår.
Det er på tide, og det er bra. Men måten dei partia som vedtok grunnrenteskatten har behandla havbruksnæringa vår, er ikkje bra.
Av Olve Grotle, fiskeri- og havbrukspolitisk talsperson i Høgre
Publisert: 30.03.2025 15:54
Sist oppdatert: 31.03.2025 10:16