Dette innlegget er sendt ut som eit nyheitsbrev til medlemane i Sør-Norges Fiskarlag, og signert av styreleiar Terje Eriksen og dagleg leiar Janita Arhaug på vegne av styre og administrasjon i Sør-Norges Fiskarlag.
Etter Landsmøtet i Norges Fiskarlag i 2025 har det vore stor usikkerheit og mange spørsmål om veien vidare. Fiskebåt har meldt seg ut, og det betyr at det vil bli eit annerledes Fiskarlag enn det har vore.
Vi i Sør-Norges Fiskarlag står støtt som ein viktig del av Fiskarlaget, og vil bidra og ta ansvar for å skape ein god og framtidsretta organisasjon saman med Nord Fiskarlag.
Vi representerer mannskap og fartøyeigarar frå dei minste leppefiskebåtane til dei største havgåande trålarane. Dette gjev oss eit solid og breitt fellesskap med kreftene vi treng for å være ei tydeleg stemme for fiskarane.
Vi løfter blikket og fellesskapet
Fiskerinæringa står i ei krevjande tid. Kvotane svingar, kostnadane aukar, og kampen om areala til havs blir hardare. Regelverket er omfattande og krev mykje av fiskarane. Nokre har gode år, medan andre slit. Slik har det alltid vore, og slik vil det også vere framover. Fiskarane er vante med både motgang og gode tider. No må vi vise den same styrken i vår eigen organisasjon.
Ueinigheiter og misforståingar har prega oss i mange år. Dette kan vi ikkje halde fram med. Vi skal samle kreftene, styrkje samhaldet og byggje vidare på det som bind oss saman utifrå dei forutsetningane vi har.
Ryddig samarbeid og klare forventningar
Leiinga i Sør-Norges Fiskarlag og Nord Fiskarlag har fått reinska lufta etter Landsmøtet i 2025, og vi vil stå saman med Nord Fiskarlag vidare i Norges Fiskarlag.
Vi håpar framleis på eit godt samarbeid med Fiskebåt, og at vi kan få til løysingar som gagnar fellesskapet.
Landsstyret har varsla at dei vil sette i gang eit arbeid for å planleggje korleis Norges Fiskarlag skal organiserast i framtida, og frå Sør-Norges Fiskarlag vil vi sjølvsagt ta del i det arbeidet. Arbeidet vil skje i tett dialog med våre representantar i Landsstyret, med open kommunikasjon og tydelege forventningar til kvarandre.
Viktig å være ei synleg og tydelig stemme for fiskarane
Uroa som har vore i organisasjonen, har handla om maktfordeling, representasjon og gamle vedtak. Det har vore krevjande diskusjonar. Sør-Norges Fiskarlag skal bidra til å lande ei organisering som skaper tillit og gir forutsigbare rammer for medlemmene våre.
Parallelt med dette arbeidet er det viktig for oss å behalde gode relasjonar til andre samarbeidspartnarar.
Å vere tillitsvald eller tilsett i Fiskarlaget er eit stort og meiningsfullt ansvar. Vi veit at det ikkje alltid er mogeleg å gjere alle heilt nøgde. Vårt mål er å sikre openheit, involvering og gode prosessar slik at vi saman finn løysingar som flest mogleg kan leve godt med, og der alle medlemmenes stemmer blir lytta til og tekne på alvor.
Ulike regionar, ulik kultur og ulike driftsformer er ei styrke når vi står saman. Vi treng ikkje være einige om alt, viss vi berre møter ulikskap med respekt og tillit. Fiskarlaget har vore, og vil framleis vere, ein organisasjon som finn gode løysingar og kompromiss der det trengs. Dette året blir avgjerande for å stake ut kursen for ein sterk og framtidsretta organisasjon saman med våre medlemmer.
Vi er til for våre medlemmer
Akkurat som fiskarane må omstille seg i opp- og nedgangstider må også Fiskarlaget gjere det. Vi vil være med å finne ei løysing som byggjer eit sterkt Norges Fiskarlag for framtida for medlemmer og tilsette.
Med over 80 lokallag langs vår langstrakte kyst har Fiskarlaget mange treffpunkt for medlemmene Har du spørsmål, innspel eller noko du ønsker å diskutere, er vi berre ein telefon eller e-post unna. Og vil du stikke innom administrasjonen så er kaffien alltid klar på våre kontorer langs kysten.
Av Terje Eriksen og Janita Arhaug i Sør-Norges Fiskarlag
Publisert: 06.03.2026 16:58
Sist oppdatert: 06.03.2026 21:43






