Alfred bjørlo foto privat 11
FARVEL: SV seier farvel til Vestlandet, slik vi kjenner det, meiner stortingsrepresentant Alfred Bjørlo. Foto: Ogne Øyehaug
Synspunkt

SV seier ryk og reis til Vestlandet

SV gir no i praksis beskjed til norske private eigarar av bedrifter at dei ikkje er ønskte, og bør sjå til å pella seg vekk, skriv Alfred Bjørlo (V).

10.11.2023

Grunnmuren i næringslivet på Vestlandet er dei små og mellomstore, lokalt eigde bedriftene – med eigarar som brenn for staden sin og er stolte over å skape arbeidsplassar og bygge gode lokalsamfunn.

Desse eigarane vil SV ha vekk. Dermed seier SV også farvel til Vestlandet slik vi kjenner det.

I sitt framlegg til Statsbudsjett for 2024 vil SV auke formuesskatten, ein særskatt på norsk eigarskap som utalandske eigarar slepp, med svimlande 13 milliardar kroner meir enn regjeringa. Det kjem på toppen av at formuesskatte-belastninga for norske eigarar av bedrifter allereie er dobla dei to siste åra av Ap/Sp-regjeringa og SV.

SV kjem altså med eit nytt skattesjokk på norsk eigarskap i ei tid der norske bedrifter allereie blir selt ut av landet i høgt tempo. Kritisk infrastruktur langs kysten blir i aukande grad kjøpt opp av utanlandske eigarar. Seinast ut i rekka er det siste store norskeigde ferjereiarlaget, Fjord1, som Per Sævik selde til utlandet på grunn av belastinga den særnorske formuesskatten utgjorde på bedrifta.

Venstre meiner SVs straffeskattar er ein katastrofe for norsk næringsliv. Skulle SV få det aller minste gehøyr for dette med Ap og Sp, går vi frå ei jamn elv av kapitaltømming frå Noreg til ein storflaum. SV gir no i praksis beskjed til norske private eigarar av bedrifter at dei ikkje er ønskte, og bør sjå til å pella seg vekk. No er det berre statleg eller utanlandsk eigarskap som er ønskt. Ap og Sps skattepolitikk er allereie ille for norske bedrifter. Med SV som Ap og Sp sin faste nisse på lasset, blir summen ein katastrofe.

Noreg vil med SV sin skattepolitikk sakka akterut både på grøn omstilling og digitalisering. Kapitalen vi treng for å bygge framtidas Noreg, vil i staden gå til andre land utan ein sosialistisk skattepolitikk som trur ein nedkjempar fattigdom ved å jage frå landet dei som skaper arbeidsplassar og bygger bedrifter. Og følgjene vil bli aller verst for Vestlandet – med våre stolte tradisjonar for lokalt eigarskap med hjarte for stadane vi bur på.

I Venstre sitt alternative statsbudsjettet vil vi gå motsett veg av SV. Vi vil redusere formuesskatten, fjerne den auka arbeidsgivaravgifta og gjera det lettare å skape arbeidsplassar. Noreg treng ei ny regjering i 2025 som ikkje bruker norsk distrikts-næringsliv som si personlege lommebok når dei får lyst å handle for milliardar i departementskorridorane i hovudstaden, og som ikkje seier ryk og reis til dei som byggjer Noreg nedanfrå.

Publisert: 10.11.2023 08:37

Sist oppdatert: 11.11.2023 08:13

Mer om