Truleg ingen ny rekord for sjoemateksporten i 2020
Synspunkt

Truleg ingen ny rekord for sjømateksporten i 2020

For første gang sidan 2012 får vi truleg eit år der verdien av sjømateksporten fell, skriv rådgivar Kay Ove Hafsås i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt.

23.09.2020
I 2019 vart det eksportert norsk sjømat for 107,3 milliard, og me starta 2020 med rekordprisar og auka volum som gav ny eksportrekord i fyrste kvartal i år. Koronautbrotet i mars har likevel gjeve næringa diverse utfordringar i form av redusert marknadsadgang, fråfall i HORECA-marknaden (hotell, restaurant og cateringmarknaden, red. merk) og auka kostnadar til logistikk gjennom året. Det vil truleg fortsette eit stykke inn i 2021, og er hovudårsaka til at 2020 truleg vil bli det fyrste året sidan 2012 der me oppleve eit lite fall i norsk sjømateksport. Auka konsum av fisk via daglegvarehandelen har ikkje vore nok til å dekke inn nedgangen i etterspurnad frå HORECA segmentet over tid. Ei utfordring som vil prege næringa resten av 2020 også, men forhåpentlegvis minst mogleg i løpet av 2021.

Fallande eksportprisar

Sidan koronautbrotet i mars og smittetiltaka det medførte har me sett ein dramatisk nedgang i eksportverdi per kilo for dei fleste artar. Målt ved eksportverdi per kilo for fryst heil fisk så fall eksportprisen for laks, torsk, hyse og ørret under 2019 og 2018 nivå i perioden mars-juni. Ein tendens som har vedvart over sumaren. Fryst heil sild derimot ligg framleis godt over fjoråret, det same for fryst filet, medan fryst heil makrell viser ei utvikling som er meir på det jamne i forhold til fjoråret. Havbruk og kvitfisk opplever difor det største verdifallet per kilo, medan pelagisk held seg bra oppe av årsaker nemnt i tidlegare artiklar.
Til tross for store marknadsmessige pandemiutfordringar har sjømateksporten så langt i 2020 likevel klart seg godt. Hittil i 2020 er det eksportert sjømat for 68,2 milliard, noko som er 800 million betre enn på same tid i fjor. Dette skuldast i hovudsakt eit rekordsterkt fyrste kvartal, prega av både gode prisar og volumvekst i dei fleste artar og produktkategoriar. Sidan dess har me sett ein litt annleis tendens, med fallande eksportprisar og diverse volumutfordringar i enkelte segment. Sidan eksportprisane per tidspunkt hjå mange artar har falt til lågare enn 2019 og 2018 nivå skal det difor mykje til om me skal slå rekorden for sjømateksporten i 2019. Under korona er det difor viktig å levere god kvalitet som opprettheld/betrar omdømmet til norsk sjømat slik at me post korona er i ein posisjon med høgare marknadsandelar i flest mogleg marknadar. For i 2021 må volum i større grad dra lasset mot nye eksportrekordar, sidan effekten av svakare krone og nye rekordprisar truleg vil glimre med sitt fråvær i ei verd prega av stor usikkerheit og redusert kjøpekraft.

Sjømatutviklinga i 2020

Ser me på sjømatutviklinga så langt i 2020 så viser den ein auke på 800 millionar kroner hittil i år.
Veksten kan tilskrivast prisauke innan pelagisk og volumvekst for ørret. Desse to segmenta har hatt ein verdiauke i eksporten på 920 millionar og 220 millionar. Prisveksten innan pelagiske artar for konsum er eit resultat av auka etterspurnad etter rimelege og haldbare proteinalternativ som er prisoverkommeleg for folk flest. Støtta opp av auka konsum av fisk i daglegvarehandelen under pandemien. Når det gjeld ørret er nok kvantumsauken eit resultat av eit markant prisfall, 15 prosent, som har gjort ørret til eit meir prisgunstig alternativ til laks. I motsetnad til ørret opplever dei fleste segment volumnedgang i 2020 sjølv om det er særs marginalt innan pelagisk og laks hittil i år. Torskefisken har ein volumnedgang på over 8 % samanlikna med i fjor, men særs gode prisar i fyrste del av 2020 har heldt verdiutviklinga bra oppe til no.
Sidan mars har me som nemnt sett eit fallande prisbilete i dei fleste artar/produktkategoriar, noko som utover i 2020 har redusert snittprisane gradvis sidan dei særs gode eksportprisane i fyrste kvartal. Fyrst i mai fekk me eit markant prisfall på torsk og laks, som gradvis blei verre fram mot august. På fryst heil torsk og fersk heil laks har me sett eit eksportprisfall på 18 og 33 prosent i år, og disse handla i august under 2019 og 2018 nivå. Det er difor grunn til å tru at når året skal summerast opp så vil truleg snittprisane på eksporten av laks og torsk i 2020 slite med å slå snittprisane for disse artane i 2019. Det vil truleg vere hovudårsaken til at sjømatrekorden frå 2019 på 107,3 milliard sannsynlegvis ikkje vil bli slått i 2020.
Samanlikna med i fjor er det også interessant å sjå på forskjellar mellom pristoppar og botnar gjennom året. I 2020 har prisane vore meir volatile enn det me såg i 2019, særleg innan fiskeri. Naturleg kanskje sidan me står midt i ein pandemi som påverkar alt rundt oss, men fram til april/mai haldt prisane seg faktisk veldig stabile i mange artar. Det skuldast i hovudsak markant kronesvekking og hamstring i starten av utbrotet. Med avtakande kroneeffekt, og langvarige smitteverntiltak har me derimot sett eit markant fall i eksportprisane jamt over sidan dess. Dog heldigvis frå historisk høge nivå. For torsk er prisforskjellen mellom botn og topp så langt i år over 15 prosent større enn i fjor, 13 prosent på hyse. Større volatilitet også på pelagisk som trass alt har klart seg godt under korona. Kring 10 % større forskjell på pristopp og prisbotn i år samanlikna med i fjor. Det seie litt om den auka usikkerheita og dei krevjande marknadsforholda som rår no under pandemien. Det seie også litt om kor vanskeleg det er seie noko konkret og fornuftig om prisbiletet for dei ulike artane for det resterande av 2020.

Nest beste år nokosinne

Større volatilitet samt ein fallande tendens for eksportprisane for dei viktigaste artane for norsk sjømateksport tyder på at det må skje ei markant betring av marknadssituasjonen om me skal setje ny eksportrekord for sjømat i 2020. Utviklinga i korona med stigande smittetal og stramme smitteverntiltak gir ikkje grobotn for å tru på at resten av 2020 gir store rom for betre- og meir fleksibel marknadstilgang. Eksportverdi per kilo for sjømat totalt bruka historisk sett å stige svakt frå sumaren og fram mot jul, men truleg ikkje nok til rekordnivå sidan me for mange kvitfisk/havbruk har opplevd eit fall i eksportprisane på mellom 15 og 30 prosent dei siste 6 månadane. Pelagisk sektor kan ikkje berge ny rekord aleine, og effekten av svakare krone har i tillegg vore sterkt avtakande i det siste.
Me bikkar nok uansett 100 milliard, som faktisk er nest best nokosinne. Ikkje verst det når ein står midt i ein pandemi som ein skal handtere både lokalt samt ringverknadane av globalt. Eit sjømatresultat på over 100 milliard når korona og omfanget av korona blei vesentleg meir langvarig og verre enn det ein såg føre seg for 6 månadar sidan, skal ein difor vere godt nøgde med. Det er truleg mindre enn ein håpte på for året generelt ved inngangen til 2020, men likevel sikkert vesentleg betre enn det ein tidvis har frykta gjennom dette koronaåret totalt sett.
Så får me håpe at ei snarleg vaksine kan bidra til å omkalfatre den krevjande marknadssituasjonen i positiv retning for sjømat i 2021. Post korona ligg eigentleg det meste til rette for nye eksportrekordar.

Publisert: 23.09.2020 09:42

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42