Nytt
Bankane berga Kleven verft
Nyoppretta selskap vil vere kontrollert av bankane og Hurtigruten i ein overgangsperiode. Sikra drift ut neste år.
Marius Rosbach
20.09.2019
Spenninga var stor etter at Kleven-leiinga hadde varsla ei oppdatering fredag om statusen for den pågåande restruktureringa for bedrifta.
Først blei dei tilsette orientert på eit allmøte, og etterpå sendte Kleven ut ei . Leiinga ved verftet møtte også pressen kl. 12.
Til saman betyr det at verftet er sikra drift ut 2020.
Verftet tek med seg fasilitetar, delar av lånet, samt tilsette frå tidlegare Kleven. Namnet blir også med, og «Nye Kleven» vil heite Kleven Verft AS. Gamle Kleven Verft AS vil halde fram med å eksistere parallelt for å ivareta gamle forpliktingar.
Dotterselskapet blei stifta i juli og vart lagt under Kleven Verft Holding – eit selskap som blei starta opp i april.
I tillegg til kontrakten med Nordnes, er Nye Kleven og Fosen Yards i felles samtalar med av fleire Hurtigruten-skip, pluss ferdigstillelsen av hurtigruteskipet MS Fridtjof Nansen.
Kleven-direktør Kjetil Bollestad og finansdirektør Ola Beinnes Fosse seier Hurtigruten vore «heilt avgjerande» for at Kleven har overlevd.
Fosse viser til at også fleire har vore med på å få på plass restruktureringa.
– Gjennom det som har vore verftet sine mest krevjande år finansielt sett, har bankane saman med GIEK og Innovasjon Norge stått løpet ut saman med Kleven, og vist stor tillit til det arbeidet som har blitt gjort på verftet, heiter det i .
Kleven-direktør Kjetil Bollestad tidlegare i september at fleire truleg måtte gå, enn det verftsleiinga trudde i sommar. I pressemeldinga sendt ut fredag blir det påpeika at verftet må redusere talet på tilsette.
- Det å nedbemanne er ikkje noko vi gjer med lett hjarte, men det er eit heilt avgjerande tiltak for at verftet skal kunne ha vidare drift. Det blir hard jobbing framover, og alle må ha eit ekstremt fokus på kostnader. Vi har ingen garanti for framtida, sjølv om vi har god tru på drift etter 2020, seier Bollestad.
Verftet har hatt mykje folk i arbeid gjennom oljenedturen, men i sommar var talet på fast tilsette nede i 240. Etter det NETT NO kjenner til, jobbar leiinga med å kome ned i 150 fast tilsette tidleg i 2020, men talet kan endre seg avhengig av kva for oppdrag som kjem inn.
Det har vore spekulert i – italienskeigde Vard, hollandske Damen og tyske Meyer Werf – men ei avklaring har latt vente på seg. Difor har det óg vore spekulert i om bankane ville kome til å overta verftet for ei periode – eventuelt saman med Innovasjon Norge.
I åra 2015-2017 viste rekneskapen eit underskot før skatt på nær 900 millionar. 2018-tala har latt vente på seg, men på botnlinja.
Men problema tårna seg opp i tida etterpå. Ei kontrakt på eit ekspedisjonscruiseskip med Lürssen gjekk i vasken og bygginga av dei to hurtigruteskipa blei meir utfordrande enn venta. Ein intensjonsavtale om å bygge det som blei omtala som verdas største diamantskip til De Beers Group .
Hurtigruten måtte difor ta over heile verftet og gjekk inn med meir pengar for å sikre bygginga av dei to ekspedisjonsskipa.
Etterkvart som verftet ikkje har klart å skape lønnsemd eller sikre seg nye oppdrag skal Hurtigruten sine britiske eigarar ha sett ned foten og ønska at reiarlaget skulle kvitte seg med eigarskapen i Ulsteinvik-verftet.
Først blei dei tilsette orientert på eit allmøte, og etterpå sendte Kleven ut ei . Leiinga ved verftet møtte også pressen kl. 12.
Meir om Kleven:
Sikra drift ut 2020
Løysinga går ut på at bankene - Nordea, Sparebank 1 SMN og DNB - Innovasjon Norge og GIEK saman tek grep for å berge Kleven, og sikre vidare drift saman med Hurtigruten. Gjelda blir redusert og ein legg til rette for sal med ei i porteføljen. Hurtigruten eig framleis alle aksjane i verftet.Til saman betyr det at verftet er sikra drift ut 2020.
Verftet tek med seg fasilitetar, delar av lånet, samt tilsette frå tidlegare Kleven. Namnet blir også med, og «Nye Kleven» vil heite Kleven Verft AS. Gamle Kleven Verft AS vil halde fram med å eksistere parallelt for å ivareta gamle forpliktingar.
Dotterselskapet blei stifta i juli og vart lagt under Kleven Verft Holding – eit selskap som blei starta opp i april.
I tillegg til kontrakten med Nordnes, er Nye Kleven og Fosen Yards i felles samtalar med av fleire Hurtigruten-skip, pluss ferdigstillelsen av hurtigruteskipet MS Fridtjof Nansen.
Kleven-direktør Kjetil Bollestad og finansdirektør Ola Beinnes Fosse seier Hurtigruten vore «heilt avgjerande» for at Kleven har overlevd.
Fosse viser til at også fleire har vore med på å få på plass restruktureringa.
– Gjennom det som har vore verftet sine mest krevjande år finansielt sett, har bankane saman med GIEK og Innovasjon Norge stått løpet ut saman med Kleven, og vist stor tillit til det arbeidet som har blitt gjort på verftet, heiter det i .
Uvisst for dei tilsette
Situasjonen for dei tilsette har vore uviss og vanskeleg. Fleire har den siste tida sagt opp jobbane sine, og naturlege avgangar har ikkje vore erstatta.Kleven-direktør Kjetil Bollestad tidlegare i september at fleire truleg måtte gå, enn det verftsleiinga trudde i sommar. I pressemeldinga sendt ut fredag blir det påpeika at verftet må redusere talet på tilsette.
- Det å nedbemanne er ikkje noko vi gjer med lett hjarte, men det er eit heilt avgjerande tiltak for at verftet skal kunne ha vidare drift. Det blir hard jobbing framover, og alle må ha eit ekstremt fokus på kostnader. Vi har ingen garanti for framtida, sjølv om vi har god tru på drift etter 2020, seier Bollestad.
Verftet har hatt mykje folk i arbeid gjennom oljenedturen, men i sommar var talet på fast tilsette nede i 240. Etter det NETT NO kjenner til, jobbar leiinga med å kome ned i 150 fast tilsette tidleg i 2020, men talet kan endre seg avhengig av kva for oppdrag som kjem inn.
Les også:
Oppretta «Nye Kleven»
I sommar blei det kjent at Kleven jobbar med ei for ein kjøpar og sikre drifta framover. Eit hovudmål i arbeidet har vore å få ned den langsiktige gjelda i selskapet.Det har vore spekulert i – italienskeigde Vard, hollandske Damen og tyske Meyer Werf – men ei avklaring har latt vente på seg. Difor har det óg vore spekulert i om bankane ville kome til å overta verftet for ei periode – eventuelt saman med Innovasjon Norge.
Les også:
Nær 900 millionar i minus på tre år
Bakgrunnen for at framtida til den meir enn 100 år gamle bedrifta har vore høgst usikker dei siste åra, er fleire år med underskot og tap.I åra 2015-2017 viste rekneskapen eit underskot før skatt på nær 900 millionar. 2018-tala har latt vente på seg, men på botnlinja.
Mista fleire jobbar
Hurtigruten kom inn som verftseigar hausten 2017 med brask og bram og Petter Stordalen blei motteke som ein helt då han gjekk langt i å love at det skulle byggjast fleire hurtigruteskip enn MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen ved verftet.Men problema tårna seg opp i tida etterpå. Ei kontrakt på eit ekspedisjonscruiseskip med Lürssen gjekk i vasken og bygginga av dei to hurtigruteskipa blei meir utfordrande enn venta. Ein intensjonsavtale om å bygge det som blei omtala som verdas største diamantskip til De Beers Group .
Hurtigruten måtte difor ta over heile verftet og gjekk inn med meir pengar for å sikre bygginga av dei to ekspedisjonsskipa.
Etterkvart som verftet ikkje har klart å skape lønnsemd eller sikre seg nye oppdrag skal Hurtigruten sine britiske eigarar ha sett ned foten og ønska at reiarlaget skulle kvitte seg med eigarskapen i Ulsteinvik-verftet.
Les meir:
Analyse:
Publisert: 20.09.2019 11:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39