Strand senior Frank Eivindsen foto Marius
MANGE NYSGJERRIGE: Fleire hundre studentar tok turen om bord i Strand Senior under karrieredagen torsdag for å høyre skipper Frank Eivindsen (t.h.) og dei andre fortelje om jobben om bord. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fleire hundre studentar ville på fiskebåt

Mannskapet tenkte dei fekk ein roleg dag til kai i Ålesund. Slik gjekk det ikkje.

Marius Rosbach
05.04.2025

Ein kan trygt seie at Fiskebåt sitt opplegg under karrieredagen til Ålesund Sjømatfestival trefte blink. 

Ved å legge fiskebåten Strand Senior på Storneskaia, kunne deltakarane spasere nokre få meter frå rekrutteringsarrangementet på Pir og kome om bord i båten for omvising. 

– Eg trudde at vi kanskje fekk ein roleg dag, og at det ikkje ville kome så mange. Men der tok eg feil. Det har vore fleire hundre om bord, fortel skipper Frank Eivindsen til Nett No mellom besøka av grupper med studentar. 

Rekrutteringa til fiskaryrket tyder også på at det er lite å utsette på interessa for eit liv på sjøen. Frå å vere eit yrke ein kunne bli åtvara mot i tidlegare år, er det no kamp om å kome om bord.

Strand Senior Storneskaia Alesund foto Odd Kristian Dahle
STORNESKAIA: Fiskebåten Strand Senior låg til kai då Ålesund Sentrumsforening arrangerte karrieredag på Pir-bygget nokre få hundre meter unna. Foto: Odd Kristian Dahle.

– Visste ikkje kor godt ein fiskar tente
Kaisa Sørdal frå Fosnavåg er mellom drygt 500 kvinner som har fiskar som heiltidsyrke her til lands. Ho ramsar opp at både brørne, faren, tanta og bestefaren har vore på sjøen. 

Eigentleg var planen å bli ballettdansar, men undervegs i skulegangen bestemte ho seg for at fiskaryrket var noko ho ville klare like godt som brørne. 

– Det passa meg ypparleg og eg synest det er veldig gøy, fortel ho. 

Steffen Aakre Kaisa Sordal foto Marius
STORTRIVST: Steffen Aakre og Kaisa Sørdal er begge svært nøgd med valet av fiskaryrke og fortel at ein variert arbeidsdag er noko av det som er kjekt med jobben. Foto: Marius Rosbach

Etter kring fem år på sjøen, jobbar ho i dag i fabrikken om bord på Strand-trålaren Havstrand. Ho likar både arbeidsoppgåvene, kollegaene og turnusordninga. 

– Kva med lønna? Den er vel også bra? 

– Ja, og det er kjekt. Men eg visste ikkje kor godt ein fiskar tente då eg starta, seier Sørdal. 

– Ein må vere glad i å løyse problem
Steffen Aakre frå Ellingsøya har også fiskarar i familien. Og som Sørdal, likar han variasjonen i arbeidet om bord på fabrikktrålaren Molnes. 

– Ein veit aldri kva som skjer og ein må vere glad i å løyse problem som oppstår. Det likar eg godt, seier han. 

 Ungguten ser også meining i arbeidet ved at bransjen er med å bygge store verdiar. 

–  Norge sender tonnevis med fisk, døgnet rundt, året rundt, som blir frakta til Asia, Brasil og kor som helst. Det er kjekt å vere ein del av, legg han til. 

Odd Kristian Dahle Jon Grimstad foto Susanne Giske
KVINNER PÅ EIGARSIDA: Informasjonsleiar Odd Kristian Dahl i Fisekbåt saman med driftssjef Jon Grimstad i Strand Rederi. Grimstad påpeiker at Ålesund-reiarlaget har berre kvinner på eigarsida. Foto: Susanne Giske

Einaste kvinne i produksjonen
Kaisa Sørdal er einaste kvinne om bord på Havstrand som jobbar i produksjonen og på dekk. Ho opplever ikkej det som ein bakdel. 

– Mannskapet er snille og snakkar til meg på ein skikkeleg måte, og eg opplever at eg blir respektert. Eg blir eigentleg behandla som ei prinsesse om bord, seier ho. 

– Eg tenker ikkje over at eg er åleine med 20 mannfolk, så er det ikkje noko problem, legg ho til. 

Samtidig legg ho ikkje skjul på at ho gjerne vil jobbe på land når ho på eit tidspunkt vil ha barn. 

– Då kunne eg tenke meg å jobbe med folk, til eksempel mannskapskoordinator, fortel ho. 

Eg blir eigentleg behandla som ei prinsesse om bord
Kaisa Sørdal
Lonita Lillerovde Brit Ytrebo foto Marius
– VER FRAMPÅ: Lonita Lillerovde (t.v.) fortalde korleis ho hadde skaffe seg verdifull erfaring i Remøy Shipping under utdanning. Her saman med mannskapssjef Brit Ytrebø på scena på Pir. Foto: Marius Rosbach

Fortel om forholda om bord
Sjølv om rekrutteringa til yrke er bra,  jobbar bransjeorganisasjonen Fiskebåt med å få fleire kvinner til å velje fiskaryrke.

Det gjer dei mellom anna ved kampanjar som «Jenter om bord», der studentar og unge kan møte kvinner med erfaring i bransjen.

Informasjonsleiar Odd Kristian Dahle i Fiskebåt meiner det er vanskeleg å måle effekten av slikt arbeid, men trur det er viktig å fortelje at det iallfall ikkje står på praktiske fasilitetar om bord. 

– Det er gode lugarar og eigne bad  om bord, tunge operasjonar er automatisert og turnusordninga er godt definert. Det gjer at alt bør ligge til rette for at det ikkje er noko kjønnsskilnad, seier han. 

Meiner barn ikkje bør vere hinder
Men sjølv om talet på kvinnelege fiskarar har auka – utgjorde dei i 2024 framleis berre drygt fem prosent av alle heiltidsfiskarar. 

At kvinner vel å gå på land når dei får barn, er ikkje uvanleg – men enkelte kjem også tilbake til fiskaryrket etterpå, påpeiker Dahle. 

– Det er også meir likestilling i samfunnet når det kjem til å ta seg av små barn, så eg meiner det ikkje bør vere eit stort hinder, legg han til.

Informasjonsleiaren seier seg godt nøgd med responsen frå dei unge i Ålesund. Sjømatfestivalen som i år blir arrangert for første gong, håpar han er kome for å bli. 

– Det er ein fin måte å sette Ålesund på kartet som sjømatby, seier Dahle. 

Publisert: 05.04.2025 05:00

Sist oppdatert: 05.04.2025 12:59

Mer om