Designstudio med opptur i kriseaar
TRUR PÅ UTVIKLING: Dagleg leiar Therese Lien Smenes (.t.v.) og kreativ leiar Sunniva Djupedal i designstudioet Blåmyra med Moldefjorden i bakgrunnen - der skipa om få år vil segle inn til Stad skipstunnel. Milliardprosjektet er med å skape optimisme på Stadlandet. 
Nytt

Designstudio med opptur i kriseår

Pandemien har fått mange til å tenke nytt om sin eiga merkevare. Det har vore godt nytt for gründerane i Blåmyra.

Marius Rosbach
19.12.2020

I fjor haust omtala NETT NO oppstarten av designstudioet Blåmyra i Selje. Etter drygt eitt år i drift, kan gründerane fortelje at dei har hatt ein solid opptur til trass for koronapandemien.

– Korona hadde ein effekt også for oss i starten, men vi har stått på og lagt ned mykje hardt arbeid. Etter kvart såg vi at det lønte seg og aktiviteten har skote fart no i haust, fortel kreativ leiar Sunniva Djupedal til NETT NO.

I dag er dei trygge på at bedrifta blir eit levebrød etter at inntektene har begynt å kome. Rekneskapen for 2020 ligg an til å ende med eit overskott.

– Samanlikna med fjoråret har vi tredobla inntekta. Det er vi veldig nøgd med, og det meste har kome etter at landet opna opp etter koronatiltaka, fortel dagleg leiar Therese Lien Smenes.

Mange har tenkt nytt i koronatida
Saman utgjer Djupedal og Smenes no ein duo etter at Maria Vengen, som var med i starten, bestemte seg for å gå vidare utdanning. Dei held til i kontorfellesskapet Prestebakken Næringsbygg i Selje.

Sjølv om koronapandemien ga dei utfordringar, har det også gitt moglegheiter.

– Mange har nytta tida til å sjå på korleis dei kan løfte merkevarene sine til nye nivå. Det er ein av grunnane til at mange har teke kontakt med oss, fortel Smenes.

– Det som er gjengs for mange er at dei i desse prosessane har teke i bruk strategisk design som verktøy for få til positive endringar, legg Djupedal til.

Private og offentlege kundar
Kundane kjem i første rekke frå lokalmiljøet, men frå både privat næringsliv og offentleg verksemd.

nettnohalf

På kundelista har dei mellom anna Localhost i Måløy, Simona Stadpipe på Stadlandet og Selje Hotell Invest. Også destinasjonsselskapet Visit Nordfjord og fleire kommunar har vore mellom oppdragsgjevarane. No er dei i gong med eit nytt prosjekt for Sogn og Fjordane Kunstmuseum

– Det har vore avgjerande at aktørar i regionen har hatt tillit til å satse på oss som ei ny bedrift. Samtidig har det vore veldig kjekt å jobbe med bedrifter som opererer på store internasjonale marknader, påpeiker Smenes.

Dei har samarbeida med designbyrået Anti i Oslo og Kodebyraaet i Ålesund, som dei synest har vore veldig inspirerande. Dei påpeiker at det ikkje er noko hinder med dagens digitale hjelpemiddel.

Skipstunnel-boost?
Nyleg blei det klart at Stad skipstunnel etter alle solemerke blir bygd i løpet av dei neste åra. Sjølv om designstudioet ikkje har fått oppdrag som ein direkte følgje av avgjerda så langt, er dei overtydd om at mange spennande ting vil kome.

– Mange har jobba langsiktig mot dette, og samtidig tenkt to parallelle løp – med og utan skipstunnel. Det er heilt klart masse som kjem til å skje her i regionen framover, seier Smenes.

No ser dei fram til å ta fatt på eit nytt år, der dei allereie har sikra seg betydeleg med oppdrag.

– Det er også mykje anna spennande som skjer ved Stad. Vi har ei ung kommune som jobbar langsiktig og strategisk for å skape meir aktivitet, og utviklinga av nytt hotell i Selje vil ha stor betydning for regionen. Samtidig har vi det spennande IT-miljøet i Måløy som har vekse fram i kjølvatnet av Localhost sitt initiativ, legg Djupedal til.

Les også: Slik vil dei utvikle Selje

Blomstrande gründerverksemd i koronatida

Analyse: Fram med kassaapparata

Bølgje av surfebedrifter på Stad

Flytta heim og skapte sin eigen arbeidsplass


Det har vore avgjerande at aktørar i regionen har hatt tillit til å satse på oss som ei ny bedrift

Publisert: 19.12.2020 05:55

Sist oppdatert: 02.02.2022 17:34