Desse yrka er mest etterspurt lokalt
Nytt

Desse yrka er mest etterspurt lokalt

Manger bedrifter slit med å skaffe arbeidskraft og størst er behovet innan byggfag og helse, ifølge fersk undersøking frå NAV Møre og Romsdal.

Marius Rosbach
27.01.2020
I ei større analyse av arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal, kjem det fram kva for yrker ein opplever at det er størst etterspurnad etter folk – samanlikna med «tilbodet» i arbeidsmarknaden.
Det store bilde er at arbeidsmarknaden i fylket generelt er god, ifølge undersøkinga som er den første i sitt slag som er gjort for Møre og Romsdal.
Med låg arbeidsløyse er det vanskeleg å finne arbeidskraft, ifølge rapporten som heiter NAV Møre og Romsdal Omverdensanalyse 2020. Lågare vekst i befolkninga og fleire eldre, vil forsterke utfordringane på sikt.

Stort behov innan byggfag og helse

Arbeidstakarar med teknisk kompetanse, personar med fagbrev i byggfag og bilfag og ingeniørar i ulike disiplinar er mellom dei som no er mest ettertrakta om ein ser på heile Møre og Romsdal.
Også it-spesialistar, spesialistar i helsesektoren, kokkar og folk i nye jobbar i reiselivet – er det rift om på arbeidsmarknaden, ifølgje undersøkinga.
For Ålesund-regionen er det spesielt fagarbeidarar innan handverksfag, helsearbeidarar, sjåførar og lagerarbeidarar som er mykje etterspurt. Mange bedrifter her har også behov for ingeniørar og rekneskapsfolk.

Færre tek fagbrev

Rapporten viser også at færre tok fagbrev i Møre og Romsdal dei siste fem åra. Det har vært spesielt stor nedgang i talet på kven som har bestått fagprøvar i elektrofaget.
– Det er venta eit stort sprik mellom etterspurnad og tilbod etter arbeidskraft med vidaregåande yrkesfag, heiter det.
I 2015 var det om lag 1750 som bestod fagbrev i fylket, medan talet i fjor bikka under 1500.

Meir omstilling

Rapporten konkluderer med at næringslivet kan vente at tempoet i omstillingar aukar, som følgje av teknologisk utvikling, høg globalisering og det grøne skiftet.
Anslag frå OECD viser at færre jobbar enn tidlegare trudd, blir automatisert vekk. Likevel reknar ein med at om lag ein av fire jobbar vil oppleve store endringar.
Teknologien vil gjerne skape nye jobbar i andre yrke, og andre stader i landet, enn der jobbane forsvinn. Det gjer at NAV vil ha ei viktig rolle med å sikre mobilitet i arbeidsmarknaden.

Les også:



Analyse:


Publisert: 27.01.2020 22:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51